Kva gjer du når du møter husdyr i naturen?

To sauer på utmarksbeite med fjell i bakgrunnen
Når du går gjennom eit beiteområde, må du tenke gjennom korleis du skal opptre. Foto: Maria Skjold / SFVL.

Mange turstiar går gjennom beiteområde. Det er viktig å tenke gjennom korleis du skal opptre for å unngå konfliktar og ulukker. 

Publisert 10.07.2024

Dyrevettreglane 

  • Hald avstand og gå utanom flokken.
  • Gå ikkje mellom dyra. Både sauer og kyr kan bli pågåande, og dei kan skape farlege situasjonar.
  • La kalven eller lammet vere i fred. Mora kan gå til angrep for å beskytte den.
  • Ta ikkje hunden med til beitande dyr. Hugs bandtvang frå 1. april til 20. august.
  • Dersom kuflokken kjem mot deg, trekk deg roleg attende
  • Viss du opnar ei grind, lat henne att etter deg.  

Rydd opp etter deg  

Metallboksar som hamnar på dyrka areal kan føre til at dyra et skarpe delar og må avlivast. Ta med deg tomme brusboksar heim og pant dei. 

Hald hunden din i band 

Kvart år vert mange husdyr skada eller drepne på grunn av lause hundar. Frå 1. april til og med 20. august er det generell bandtvang i Noreg. I mange kommunar er tidsrommet utvida, særleg der dyr går på beite. Hunden skal vere i band, med mindre han er i jobb. Lova skal verne både ville og tamme dyr.  Der det er dyr i nærleiken skal hunden alltid vere i band, også utanom bandtvang-perioden. Dette gjeld uansett kor liten og harmlaus du tenkjer at hunden din er. 

Dersom du ser noko uvanleg, eller dyr som er skada, ta kontakt med bonden eller kommunen. I mange beiteområde finn du plakatar med kontaktinformasjon til bøndene som har ansvar for dyra.

 

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.