Bandtvang for hund

Av omsyn til både vilt og husdyr på beite er det ordinær bandtvang over heile landet frå 1. april til og med 20. august. I delar av nokre kommunar kan det vere bandtvang heile året. 

Publisert 13.07.2021, Sist endret 13.07.2021

Bandtvang er heimla i Lov om hundehold (hundeloven) § 6.

Lause hundar i område der det går dyr på beite kan forstyrre dyra, skremme vekk lam frå mora eller i verste fall gå til angrep. Og for dyrelivet elles i naturen kan sjølv små forstyrringar vere øydeleggande i yngle- og hekketida.

Vi oppmodar alle hundeeigarar til å vise omsyn. Ta kontakt med din kommune om du lurer på om det er friområde for hund i ditt nærområde.

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.