Organisert beitebruk i Vestland 2024

Sau på utmarksbeite ved Torefjell
I 2024 vart det sleppt i underkant av 300 000 beitedyr i utmarka. Foto: Maria Makloufi Skjold/SFVL.

Beitenæringa sitt arbeid er svært viktig for bruken av utmarksbeite, og i Vestland er næringa aktiv og engasjert. Her kjem eit samandrag frå årets rapportar frå beitelaga.

Publisert 28.03.2025

I 2024 var det 210 beitelag som søkte om driftstilskot, dette er fem fleire enn i 2023. Beitelaga i Vestland representerer rundt 2 600 beitebrukarar, og til saman vart det sleppt i underkant av 300 000 beitedyr i utmarka. Samanlikna med 2023, er det ei auke i tal storfe og geit og ein nedgang i tal sau og lam.

På landsbasis vart det sleppt nærmare 1,4 millionar beitedyr gjennom organisert beitebruk. Det er ein nedgang på 19 000 dyr frå året før. Vestland er det nest største fylket når vi ser på tal sleppte beitedyr, berre slått av Innlandet. Vi har 21 prosent av alle sleppte beitedyr i landet. Vi kjem også godt ut på tapsstatistikken. Gjennomsnittleg lammetap i landet var på 7 prosent, medan Vestland hadde eit tap på 5,3 prosent.  

Mange stader i fylket vart det ein tidleg og varm vår som gjorde at snøen smelta raskare enn normalt. Det vart tidleg beiteslepp for mange, men ein våt sommar og tidleg haust førte til dårlege beite i fjellet og at sauen kom ned igjen tidlegare enn normalt. Det er også fleire som melder om at sau og lam er blitt skilt frå kvarandre, slik at lam har gått åleine eller med feil sau store delar av sesongen. Fleire beitelag melder om lågare lammevekter enn vanleg. I dei fleste områda var det fint vêr ved sanking.

I enkelte område har det vore mykje tap, både av vaksne sauer og lam, utan at ein kan seie heilt klart kva som er årsaka. Fleire lag viser likevel til parasitten Haemonchus som ein sannsynleg årsak. Mange lag melder om observasjon av ørn og mistenkjer mykje tap til ørn og rev. I Indre Sogn og Austevoll er det dokumentert tap til ørn. I Stryn og Luster er det dokumentert tap til jerv.

Det går att i årsmeldingane frå beitelaga at det er auka interesse for elektronisk sporingsutstyr. Det vert gjerne færre beitedyr i områda og dermed større område å sjekke ved tilsyn og sanking. Mange har kjøpt elektronisk sporingsutstyr, både i eigen regi og gjennom Vestland Bjøllelag.

Laushundar er eit problem i ein del område. Fleire har nytta seg av plakatane som Politiet og Statsforvaltaren utarbeidde i forkant av beitesesongen 2024. Eit anna tema som går igjen i årsmeldingane, er konflikt grunna manglande gjerdehald mellom innmark og utmark.

Det vert meldt om godt samarbeid i laga, og mykje godt arbeid er gjort.

Vi takkar for samarbeidet, og ønskjer dykk lukke til med årets sesong!

 

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.