Livsmeistring for barn og unge
- Dato:
- 11. juni 2025 09:00 - 14:00
- Stad:
- Teams
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland
- Målgruppe:
- alle som jobbar med barn og unge
- Påmeldingsfrist:
- 9. juni 2025 23:59
Vi inviterer til digital samling om korleis vi skapar gode livsvilkår og fremjar livsmeistring i kvardagen for barn og unge.
Publisert 10.04.2025
Vi kjem også inn på korleis vi legg til rette for gode arenaer for samskaping – både i direkte kontakt med barn og unge og gjennom korleis vi vaksne samarbeider.
Samlinga vil vere aktuell for dei som møter barn og unge i arbeidskvardagen sin og dei som jobbar med samfunnsutvikling.
På samlinga får du høyre meir om:
- Korleis involvere barn og unge i samfunnsplanlegginga, rolla til barnerepresentanten i kommunane og kvifor og korleis tenestene bør kople seg på det overordna strategiarbeidet
- ABC for god psykisk helse – om metoden og korleis vi gjer det i Vestland
- Prosjekt om godt læringsmiljø, med rektor og elevar frå Nygårdslien skole i Bergen
- Livsmeistring – Robuste barn og unge, tiltak for å fremje befolkninga si psykiske helse og livskvalitet, og eit godt rusførebyggjande arbeid med barn og unge som prioritert målgruppe
Program blir lagt ut her når det er klart.
Ved å melde deg på samlinga samtykker du samtidig til at namn og e-postadresse blir synleg i ein Outlook-invitasjon og i Teams-møtet. Les meir om personvern og nettryggleik under "Dokument".
- Dato:
- 11. juni 2025 09:00 - 14:00
- Stad:
- Teams
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland
- Målgruppe:
- alle som jobbar med barn og unge
- Påmeldingsfrist:
- 9. juni 2025 23:59