Nettverkssamling om økonomisk rådgjeving

Dato:
20. mai 2025 00:00 - 23:59
Sted:
Grand Hotel Terminus, Zander Kaaes gate 6 Bergen
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Nav-tilsette som har økonomisk rådgjeving og gjeldsrådgjeving som si hovudoppgåve
Påmeldingsfrist:
2. mai 2025 15:00

Kvifor er opplysning, råd og rettleiing ei teneste Nav skal gjere vedtak om, og kva reglar må Nav følgje når nokon ønskjer samtale om sin økonomi? Dette er tema vi skal innom på årets første nettverkssamling.

Publisert 17.03.2025, Oppdatert 27.03.2025

Opplysning, råd og rettleiing er ei viktig teneste, og ikkje minst ei førebyggande teneste. Viss nokon har økonomiske bekymringar, eller allereie har fått økonomiske vanskar, er det heilt avgjerande at hjelpa kjem i tide. Blir hjelpa frå Nav igangsett for seint, er det risiko for alvorlege konsekvensar, for eksempel tvangssal av bustaden. Det betyr at viss hjelpa frå Nav ikkje kjem i tide, så kan det vere for seint. Derfor skal vi på denne samlinga sjå på kva for reglar i forvaltningslova Nav må følgje når nokon ber om hjelp, slik at dette kan bidra til at vedkommande får hjelp i tide.

Vi skal også innom tema som forsvarleg oppfølging, frivillig forvaltning og økonomisk rådgjeving, og dele erfaringar om endringane i gjeldsordningslova som trådde i kraft 1. januar 2025.

Programmet blir lagt ut på denne sida så snart det er klart.

Praktisk informasjon og påmelding

Det er gratis å delta. Statsforvaltaren bestiller og dekker overnattingsutgifter frå 19. – 20. mai for dei deltakarane som har lang reiseveg til Bergen; tre timar eller meir. Meld frå om du treng overnatting i påmeldingsskjemaet. Samlinga og overnatting går føre seg på Grand Hotel Terminus.

Påmeldinga er bindande. Avmeldingsfristen er den same som påmeldingsfristen; 2. mai klokka 15.00. Dersom du ikkje har moglegheit til å delta sjølv om du har meldt deg på, og dermed heller ikkje har behov for overnatting, ber vi om at du gir beskjed til Elisabeth Lund-Iversen innan fristen. Kontaktinformasjon finn du under «Kontaktpersonar».

Vi dekker ikkje reiseutgifter.

Dersom det blir fleire påmelde enn tal plassar, vil vi prioritere slik at flest mogeleg Nav-kontor får delta.

Ved å melde deg på samtykker du til at vi kan dele namn, arbeidsstad og kontaktinformasjon med hotellet. Les meir om personvern under «Lenkjer».

Påmeldingsskjema

Treng du overnatting frå 19.-20. mai
Dato:
20. mai 2025 00:00 - 23:59
Sted:
Grand Hotel Terminus, Zander Kaaes gate 6 Bergen
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Nav-tilsette som har økonomisk rådgjeving og gjeldsrådgjeving som si hovudoppgåve
Påmeldingsfrist:
2. mai 2025 15:00