Invitasjon til Klimaomstillingskonferansen 2025
- Dato:
- 6. mai 2025 09:00 - 7. mai 2025 15:00
- Stad:
- Sogndal
- Arrangør:
- Vestland fylkeskommune, Statsforvaltaren i Vestland, Høgskulen på Vestlandet, Norsk senter for berekraftig klimatilpassing, Vestlandsforsking, Klimapartnere, KS, Kartverket, NORCE
- Målgruppe:
- Alle som ønsker å ta del i debatten om klimaomstillinga
- Påmeldingsfrist:
- 14. april 2025 23:59
For tiande året vert konferansen #klimaomstilling arrangert. Under årets konferanse i Sogndal, 6. og 7. mai, skal vi sjå tilbake på kva som har skjedd i klimaarbeidet dei siste ti åra, og kva som må skje framover. Frist for påmelding er 14. april 2025.

"Tid for endring – Halvvegs i tiåret for handling"
Dette er konferansen for alle som ønsker å ta del i debatten om klimaomstillinga og korleis vi saman kan handle for å forme ei meir klimarobust framtid. Kva må vi gjere for å oppnå endringane som trengst for å møte klimautfordringane på globalt og lokalt nivå?
Konferansen vil gje verdifull innsikt i kva som er dei grunnleggande samfunnsendringane som må til, samt perspektiv på den internasjonale klimapolitikken. Det vil og vere innlegg om viktige tema som klimarisiko, naturbaserte løysingar og havnivåstiging – kunnskap som er essensiell for å forstå og møte dei utfordringane som ligg framfor oss.
Vi inviterer deg til å feire jubileum med oss
Bli med på konferansen – det blir ei inspirasjonsrik og informativ samling, der du får både djupe faglege innblikk og praktisk kunnskap som du kan ta med deg vidare i ditt eige arbeid med klimarelaterte utfordringar. I tillegg vil det vere fleire turar rundt i Sogndal på programmet, og eit spennande kveldsprogram spekka med god klima-underhaldning!
Frist for påmelding er måndag 14. april 2025.
Meir informasjon om program og påmelding ligg på konferansen sin nettstad.
- Dato:
- 6. mai 2025 09:00 - 7. mai 2025 15:00
- Stad:
- Sogndal
- Arrangør:
- Vestland fylkeskommune, Statsforvaltaren i Vestland, Høgskulen på Vestlandet, Norsk senter for berekraftig klimatilpassing, Vestlandsforsking, Klimapartnere, KS, Kartverket, NORCE
- Målgruppe:
- Alle som ønsker å ta del i debatten om klimaomstillinga
- Påmeldingsfrist:
- 14. april 2025 23:59