Korleis snakke med barn om vald og overgrep
- Dato:
- 24. april 2025 09:00 - 14:00
- Sted:
- Digitalt
- Arrangør:
- RVTS Vest, Statsforvaltarane i Vestland og Rogaland
- Målgruppe:
- Alle som møter barn og unge i sitt arbeid
- Påmeldingsfrist:
- 22. april 2025 10:00
Ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging Vest (RVTS Vest) og Statsforvaltarane i Vestland og Rogaland inviterer til digitalt introduksjonskurs i korleis snakke med barn og unge om vald og overgrep.
Vald og overgrep mot barn og unge er eit stort samfunnsproblem. Vi veit at mange barn veks opp med vald, overgrep og omsorgssvikt, og vi veit at det aukar risikoen for alvorlege fysiske og psykiske helseplagar seinare i livet.
Barn treng trygge vaksne. På introduksjonskurset vert du kjent med nettressursane "Snakke med barn" og "Jeg vet". Desse ressursane kan bidra til at nettopp du vert eit vaksen som vågar å sjå, og tør å handle når du er bekymra for eit barn.
Du melder deg på via følgjande lenke: Webinar: Korleis snakke med barn og unge om vald og overgrep
Kursinnhald
Etter kurset vil du
- ha grunnleggande kunnskap om kva som er viktig i samtalar med barn og unge
- ha god oversikt over dei digitale kunnskapsplattformane snakkemedbarn.no og jegvet.no
- ha god kjennskap til simuleringsdelen av snakkemedbarn.no
- kunne bruke snakkemedbarn.no til undervisning, utvikling og rettleiing i tenesta di
- kunne bruke snakkemedbarn.no til eigentrening og utvikling i samtalar med barn og unge
Førelesarar er Linda Kvalvik, barnevernspedagog og Mette E. Garmannslund, psykologspesialist.
Førebuing til kurset
Vi ønskjer at de gjer dykk kjende med følgjande nettressursar:
Praktisk informasjon
Det er gratis å delta. Kurset er digitalt, og oppkoplingslenkje blir sendt ut til påmelde deltakarar 23. april 2025. Praktiske spørsmål kan du rette til arrangørane av kurset:
- Linda R. Kvalvik (98 68 83 94)
- Mette E. Garmannslund (40 21 52 33)
- Dato:
- 24. april 2025 09:00 - 14:00
- Sted:
- Digitalt
- Arrangør:
- RVTS Vest, Statsforvaltarane i Vestland og Rogaland
- Målgruppe:
- Alle som møter barn og unge i sitt arbeid
- Påmeldingsfrist:
- 22. april 2025 10:00