Digital fagdag for barnevernstenestene i Vestland

Dato:
23. april 2025 09:00 - 15:00
Sted:
Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland i samarbeid med styrings- og ressursgruppa for Læringsnettverket
Målgruppe:
Leiarar og tilsette i barnevernstenestene i Vestland og andre deltakarar i Læringsnettverket for kommunal barnevernsteneste.
Påmeldingsfrist:
22. april 2025 10:00

Tema for samlinga blir kva hjelpetiltak kommunane treng for å gje naudsynt hjelp til barn og familiar.

Publisert 28.03.2025

På bakgrunn av innspel frå barnevernsleiarane på samlinga i september, og årsmøtet i januar utarbeider styrings- og ressursgruppa eit program. 

Programmet skal gje rom for å snakke saman om kva hjelpetiltak kommunane treng tilgang på for å kunne gje naudsynt hjelp til barne og familiar. Korleis vi kan sikre tilgang på slike tiltak i alle kommunar og korleis vi kan evaluere om tilaka vi set i verk verkar slik som dei var meint. Vi vil også legge til rette for ei drøfting av om det er behov for eit utviklingsprosjekt på hjelpetiltaksfeltet i nettverket, og eventuelt korleis dette kan organiserast. 

Program vert lagt ut her når det er klart. 

Praktisk informasjon

Det er gratis å delta. Lenkje til Teams-møtet vert sendt ut 22. april. 

Ved å melde deg på denne samlinga samtykker du smatidig til at namn og e-postadresse vert synleg i ein Outlook-invitasjon, i Teams-møtet og kan delast med medarrangørar. Les meir om personvern under "Lenkjer". 

Påmeldingsskjema

Dato:
23. april 2025 09:00 - 15:00
Sted:
Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland i samarbeid med styrings- og ressursgruppa for Læringsnettverket
Målgruppe:
Leiarar og tilsette i barnevernstenestene i Vestland og andre deltakarar i Læringsnettverket for kommunal barnevernsteneste.
Påmeldingsfrist:
22. april 2025 10:00