Digitalt grunnkurs i økonomisk rådgjeving
- Dato:
- 11. mars 2025 - 12. mars 2025
- Sted:
- Digitalt - nettmøte i Teams
- Arrangør:
- Statsforvalteren i Trøndelag og Statsforvaltaren i Vestland, i samarbeid med Statsforvaltaren i Troms og Finnmark, Nordland, Møre og Romsdal, og Rogaland
- Målgruppe:
- Tilsette i Nav som treng kunnskap om enkel økonomisk rådgjeving og gjeldsrådgjeving
- Påmeldingsfrist:
- 7. mars 2025 16:00
Kurset er for Nav-tilsette og handlar blant anna om om tenesta økonomisk rettleiing, budsjettrettleiing, pengekravets gang, hjelp til sjølvhjelp og rådgjeving om gjeldsproblem.
Statsforvaltaren i Vestland og Statsforvalteren i Trøndelag held felles kurs for Nav-tilsette i fylka Troms og Finnmark, Nordland, Trøndelag, Møre og Romsdal, Vestland og Rogaland.
Kurset er klokka 09.30 - 13.30 begge dagar, med lunsjpause klokka 11.15 - 11.45. Vi sender ut innkalling til Teams-møtet seinast klokka 16.00 dagen før kurset til dei som har meldt seg på.
Første dagen skal handle om tenesta økonomisk rettleiing, budsjettrettleiing, pengekravets gang og utleggstrekk.
Andre dagen skal vi snakke om relasjonskompetanse, hjelp til sjølvhjelp, forelding og rådgjeving om gjeldsproblem.
Dette er kurset for deg som:
- skal kunne gi generell og/eller individuell økonomisk rettleiing uavhengig av om ein er statleg eller kommunalt tilsett
- er leiar for tilsette som skal gje økonomisk rettleiing
- har vedtaksmynde på området økonomisk rettleiing
Påmelding
Du melder deg på via påmeldingsskjema for å kunne delta. Ved å melde deg på samtykker du til at namn og e-postadresse kan vere synleg i Teams-møtet og i Outlook-invitasjonen. Les meir om personvern under «Lenkjer».
- Dato:
- 11. mars 2025 - 12. mars 2025
- Sted:
- Digitalt - nettmøte i Teams
- Arrangør:
- Statsforvalteren i Trøndelag og Statsforvaltaren i Vestland, i samarbeid med Statsforvaltaren i Troms og Finnmark, Nordland, Møre og Romsdal, og Rogaland
- Målgruppe:
- Tilsette i Nav som treng kunnskap om enkel økonomisk rådgjeving og gjeldsrådgjeving
- Påmeldingsfrist:
- 7. mars 2025 16:00