Webinar i folkehelsenettverket
- Dato:
- 12. februar 2025 09:00 - 10:00
- Sted:
- Teams
- Arrangør:
- Folkehelsenettverket i Vestland
- Målgruppe:
- alle som arbeider med folkehelse i kommunane, fylkeskommune, statsforvaltar, forskings- og utviklingsmiljø og andre relevante aktørar
Korleis er samanhengen mellom klimaendringar, naturøydelegging og helse?
Dette er tema for årets første webinar i folkehelsenettverket i Vestland.
Vestland fylkeskommune har i både planar, handlingsprogram og tiltak med tydeleg samaneheng mellom klima, miljø og folkehelse. Klimaplanen har blant anna mål om at Vestland skal vere ein pådrivar for ei rettferdig klimaomstilling til det beste for innbyggjarane. Samstundes treng ein meir kunnskap om korleis dette heng saman.
Difor skal Ernst Kristian Rødland frå Folkehelseinstiuttet fortelje om korleis klimaendringar og naturøydelegging påverkar menneske si helse.
Ernst Kristian Rødland er spesialist i infeksjonssjukdomar, overlege ved område klima og miljø hjå Folkehelseinstituttet og førsteamanuensis ved Senter for bærekraft i helseutdanningane, Det medisinske fakultet, Universitetet i Oslo.
For å delta på webinaret, må du melde deg på via Vestland fylkeskommune si heimeside: Webinar: folkehelsenettverket Vestland - Vestland fylkeskommune
- Dato:
- 12. februar 2025 09:00 - 10:00
- Sted:
- Teams
- Arrangør:
- Folkehelsenettverket i Vestland
- Målgruppe:
- alle som arbeider med folkehelse i kommunane, fylkeskommune, statsforvaltar, forskings- og utviklingsmiljø og andre relevante aktørar