Velkomen til naturmangfaldveka 2025

Dato:
14. januar 2025 09:30 - 17. januar 2025 11:15
Sted:
Digitalt
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Kommunane i Vestland, både politikarar og administrasjon, samt andre interesserte

Tirsdag den 14. januar til fredag den 17. januar 2025 inviterer vi på ny til digital naturmangfaldveke her i Vestland. Vi kan by på fagleg påfyll av både grønne og blå tema. No har vi opna for påmelding!

Oppdatert 11.12.2024

Vi oppmodar deg til å halde av føremiddagane veke tre 2025 for grønt og blått fagleg påfyll. Dyktige innleiarar frå både nasjonalt og lokalt plan vil dele av si kunnskap og erfaring. Del gjerne denne artikkelen med dei du trur vil kunne ha glede av påfyll. 

Tysdag, onsdag og torsdag er webinaret planlagt frå kl. 9.30 til 11.00, og fredag frå kl. 9.30 til 11.15. Vi oppmodar deltarar til å leggje inn aktuelle tidspunkt i sin kalender. 

Det kan kome endringar i programmet. 

Tysdag 14. januar kl. 9:30-11:00: Naturmangfald i kommunal planlegging

Velkomen!

Eline Orheim, fung. miljødirektør, Statsforvaltaren i Vestland

Helsing til arrangementet og deltakarane på naturmangfaldveka 2025

TBA

Ivaretaking av naturmangfald og kommunalt handlingsrom innanfor eksisterande lovverk 

Nikolai K. Winge, Holt & Winge

Kommunedelplan for naturmangfald 

Lina Hamre og Kjersti N. Finne, Voss herad

Planlegging i sjø og konsekvensutgreiing 

Egil Hauge, Statsforvaltaren i Vestland

Spørsmål og kommentarar  

Nicolas Rodriguez (SFVL) siler spørsmål i Q&A  

Onsdag 15. januar kl. 09:30-11:30: Den ville, vakre  og sårbare vestlandsnaturen   

Velkomen!

Eline Orheim, SFVL 

Om stortingsmeldinga 

TBA  

Vestlandsnaturen - kva har vi og korleis kan vi ta vare på den? 

Miljøavdelinga, Statsforvaltaren i Vestland

Villreinen som arealkrevjande art

Anders Mossing, Villreinsenteret

Spørsmål og kommentarar

Halvor Røssum (SFVL) siler spørsmål i Q&A  

Torsdag 16. januar kl. 09:30-11:00: Landbruk, naturbeitemark og skog

Velkomen! 

Eline Orheim, SFVL  

Ny gjødselbrukforskrift 
- Korleis kan dette påverke naturbeitemarkene 

Øyvind Vatshelle, SFVL 

Naturbeitemarkene i Vestland: Mystikk og miljøverdiar på areal som ofte blir oversett.

John Bjarne Jordal, Miljøfaglig utredning

Den sårbare vestnorske regnskogen: ny kunnskap krev betre omsyn i skogbruket og arealforvaltinga 

Magnus Johan Steinsvåg og Gro Kampp Hansen, SFVL 

Spørsmål og kommentarar

Solveig Kalvø Roald (SFVL) siler spørsmål i Q&A  

Fredag 17. januar kl. 09:30-11:15: Karbonlagring: til lands og til vanns, og i kommunane med!

Velkomen!  

Eline Orheim, SFVL  

Karbonlagring i terrestriske økosystem 

Anders Lyngstad, NINA 

Karbonlagring i marine naturtyper og områder

Gunhild Borgersen, NIVA 

Karbonrekneskap i arealdisponering

Ingvild Byskov og Bjørnar Sæthershagen, Miljødirektoratet 

Korleis få kunnskap om karbonrike område, og korleis bruke kunnskapen i den kommunale kvardagen?  

Tone Ankarstrand, Stavanger kommune 

Spørsmål og kommentarar

 

Avrunding av naturmangfaldveka

Maria Knagenhjelm (SFVL) siler spørsmål i Q&A  

Seksjonssjef Eline Orheim, Statsforvaltaren i Vestland

Spørsmål?

Dersom du allereie no har spørsmål knytt til dei oppsette temaa, kan du sende inn spørsmåla dine på førehand. Vi har avsett tid til spørsmål kvar dag, og vil bruke Q&A-funksjonen til arrangementet.   

Praktisk informasjon

Veka før vil dei påmeldte få tilsendt ei lenkje per e-post for å følgje det digitale arrangementet. Er du påmeldt, og ikkje har fått lenkje, sjekk først søppelposten. Lenkja vil òg bli lagt ut på denne nettsida i forkant av naturmangfaldveka, og då kan etterslengjarar koble seg på utan påmelding. Vi set likevel pris på at flest mogeleg melder seg på slik at vi kan sende ut evalueringsskjema i ettertid. 

Vi oppmodar deltararane til å sjølv leggje inn aktuelle tidspunkt i sin kalender. 

Om samtykke til opptak

Vi gjer merksam på at webinaret vert tatt opp. Opptaket vil vere tilgjengeleg på våre nettsider inntil to veker etter opptaksdato. Dersom du ikkje tillet opptak, kan du diverre ikkje følgje det direktesendte webinaret. 

Samtykke til lagring av e-postadresse til bruk ved tilsvarande arrangement

Vi ønskjer å bruke påmeldte deltakarar sin e-postadresse for å invitere til liknande arrangement. Du kan merke av for ja eller nei til dette. 

Naturmangfaldveka 2025 - påmelding

Val av dagar
Samtykke til opptak
Samtykke til lagring av e-postadresse til seinare bruk
Dato:
14. januar 2025 09:30 - 17. januar 2025 11:15
Sted:
Digitalt
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Kommunane i Vestland, både politikarar og administrasjon, samt andre interesserte