Digitalt basiskurs i økonomisk rådgjeving

Dato:
19. november 2024 09:30 - 11:30
Sted:
Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Tilsette i Nav og tilsette i tenester som samhandlar med Nav
Påmeldingsfrist:
15. november 2024 16:00

Målet med kurset er å gje deltakarane kunnskap om å avdekkje og førebyggje økonomiske problem, uavhengig av stilling og arbeidsoppgåver.

Publisert 20.09.2024

Dette er kurset for deg som:

  • Arbeider i kommunale oppfølgingstenester (bustad, rus og psykisk helse)
  • Arbeider i barnevernstenesta
  • Arbeider i tenester som samhandlar med Nav-kontor
  • Arbeider med statlege oppgåver i Nav-kontor
  • Er nytilsett i Nav-kontor
  • Arbeider i Nav, men ikkje arbeider med økonomisk rådgjeving

Om du har delteke på Statsforvaltarens grunn- eller vidaregåande kurs i økonomisk rådgjeving tidlegare, er du ikkje i målgruppa for dette kurset. Om du er usikker på om du er i målgruppa, ta kontakt med personane under fana «Kontaktpersonar».

Å gi økonomisk rådgjeving er ei av kjerneoppgåvene i Nav-kontora, og alle tilsette i Nav-kontora må difor ha grunnleggjande kunnskap om dette. Tilsette i tenester som samhandlar med Nav, må også ha slik kunnskap for å kunne fange opp hjelpebehov og vise personar som treng hjelp vidare til Nav-kontoret.

Mange kan ha økonomiske bekymringar eller problem sjølv om dei ikkje fortel om det. Basiskurset vil difor vere nyttig for deg som arbeider i Nav-kontor, i barnevernstenesta eller i kommunale oppfølgingstenester, sjølv om brukar ikkje er i kontakt med deg for å få økonomisk råd og rettleiing, men for anna oppfølging.

Etter kurset skal du ha:

  • kunnskap om bakgrunn for økonomiske problem​
  • kunnskap om korleis du fangar opp om brukarar har økonomiske bekymringar eller problem​
  • kunnskap om korleis du kan førebyggje økonomiske problem ​
  • auka medvit om kva økonomiske problem kan føra med seg ​
  • kunnskap om tenesta økonomisk rådgjeving

Påmelding og oppkoplingslenkje

Påmelding til kurset skjer via skjemaet under. Vi sender stadfesting på påmelding til e-posten du har registrert i skjemaet. Påmeldingsfristen er 15. november klokka 16.00.

Ved å melde deg på, samtykkjer du til at namn og e-postadresse kan bli synleg i Teams-møte og i Outlook-invitasjonen. Les meir om personvern under «Lenkjer».

Innan 19. november klokka 09.00 sender vi ut møteinnkalling med oppkoplingslenkje til kurset i Teams til e-posten du har registrert.

Dato:
19. november 2024 09:30 - 11:30
Sted:
Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Tilsette i Nav og tilsette i tenester som samhandlar med Nav
Påmeldingsfrist:
15. november 2024 16:00