Digital nettverkssamling om økonomisk rådgjeving
- Dato:
- 13. november 2024 12:00 - 14:00
- Sted:
- Teams
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland
- Målgruppe:
- Nav-tilsette som arbeider med økonomisk rådgjeving, fagleiarar og Nav-leiarar
- Påmeldingsfrist:
- 12. november 2024 12:00
Årets siste nettverkssamling er for økonomiske rådgjevarar, fagleiarar og Nav-leiarar. Vi har gjennomført tilsyn ved seks Nav-kontor i år og kva kan ein lære av det?
Vi vil seie litt om funna våre ved tilsynet, kva bilete vi gjennom tilsynet har fått av tenesta økonomisk rådgjeving. Vi skal også ha innlegg frå Nav-kontor som kan seie litt om kva erfaringar dei har hatt med tilsynet. Vi vil dele tips og råd på bakgrunn av det vi har lært, og det blir høve til å stille spørsmål.
Kommunane kan uavhengig av vårt tilsyn, nytte rettleiaren frå Statens helsetilsyn og informasjon om tilsynsfunn i forbetringsarbeidet sitt. Vi tenker derfor at denne samlinga vil vere nyttig for alle Nav-kontora i Vestland.
Praktisk informasjon og påmelding
Påmelding til samlinga skjer via skjemaet under. Stadfesting på påmelding sender vi til den e-postadressa du har ført i skjemaet. Påmeldingsfristen er 12. november klokka 12.00.
Ved å melde deg på, samtykkjer du til at namn og e-postadresse kan bli synleg i Teams-møtet og i Outlook-invitasjonen. Les meir om personvern under «Lenkjer».
Innan 13. november klokka 10.00 sender vi møteinnkalling med oppkoplingslenkje til Teams-møtet til den e-postadressa du har lagt inn ved påmelding.
Har du spørsmål om samlinga, kan du ta kontakt med Malin Roseanne Espejo eller Elisabeth Lund-Iversen.
- Dato:
- 13. november 2024 12:00 - 14:00
- Sted:
- Teams
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland
- Målgruppe:
- Nav-tilsette som arbeider med økonomisk rådgjeving, fagleiarar og Nav-leiarar
- Påmeldingsfrist:
- 12. november 2024 12:00