Webinar om rapporten «Utredning av kunnskapsgrunnlaget for sosialhjelpssatser»

Dato:
6. september 2024 10:00 - 11:30
Sted:
Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Tilsette og leiarar i Nav som jobbar med dei sosiale tenestene
Påmeldingsfrist:
5. september 2024 12:00

Forskingsleiar ved SIFO OsloMet, Silje Elisabeth Skuland, vil fortelje om den nye rapporten som kjem med nasjonale anbefalingar om kva som bør inngå i eit forsvarleg livsopphald.

Publisert 18.06.2024

I arbeidet med rapporten har OsloMet har blant anna intervjua personar som har mottatt sosialhjelp og tilsette i Nav. I webinaret vil vi få høyre om funna og kva for løysingar forskarane rår til. Dei vurderer blant anna at dagens statlege rettleiande satsar er for låge og at ein kontinuerleg bør vurdere om sosialhjelpssatsane er forsvarlege.

Du finn rapporten under «Lenkjer».

Praktisk informasjon og påmelding

Påmelding til samlinga skjer via skjemaet under. Stadfesting på påmelding sender vi til den e-postadressa du har ført i skjemaet. Påmeldingsfristen er 5. september klokka 12.00.

Ved å melde deg på, samtykkjer du til at namn og e-postadresse kan bli synleg i Teams-møtet og i Outlook-invitasjonen. Les meir om personvern under «Lenkjer».

Innan 6. september klokka 09.00 sender vi møteinnkalling med oppkoplingslenkje til Teams-møtet til den e-postadressa du har lagt inn ved påmelding.

Dato:
6. september 2024 10:00 - 11:30
Sted:
Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Tilsette og leiarar i Nav som jobbar med dei sosiale tenestene
Påmeldingsfrist:
5. september 2024 12:00