Samling for kommuneoverlegar i Vestland

Dato:
26. september 2024 12:00 - 27. september 2024 15:45
Sted:
Kviknes Hotel, Balestrand
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
kommuneoverlegar og legar med samfunnsmedisinske oppgåver i kommunane i Vestland, og legar i samfunnsmedisinske rettleiingsgrupper
Påmeldingsfrist:
19. august 2024 23:59

Statsforvaltaren inviterer kommuneoverlegar, andre legar i samfunnsmedisinsk arbeid og legar i samfunnsmedisinske rettleiingsgrupper til samling i Balestrand 26. og 27. september.

Publisert 15.08.2024, Oppdatert 19.09.2024

Vi meiner dette er ein viktig møtestad for samfunnsmedisinarane i fylket.

På samlinga vil vi innom følgjande tema:

  • Ny helse- og samhandlingsplan
  • Miljøretta helsevern
  • Rettleiar for kommuneoverlegefunksjonen
  • ALIS og samfunnsmedisinsk spesialisering
  • Prosjekt for å fjerne barrierar mellom kommune- og spesialisthelsetenesta når det gjeld barn og unge
  • Tilsynssaker på tvers av nivå og sektorar
  • Frisklivsarbeidet
  • Psykisk helse og rus

Samlinga er godkjent av legeforeninga

Allmennmedisin: samlinga er godkjent med 11 valfrie poeng for leger i spesialisering og spesialistane si etterutdanning (forlenging av retten til tilleggstakst).

Samfunnsmedisin: samlinga er godkjent med 11 timer som valfritt kurs for leger i spesialisering og spesialistane si etterutdanning.

Praktisk informasjon

Samlinga er gratis, og vi dekker dagpakke og felles middag. Vi bestiller og dekker også hotellovernatting for dei med lenger reiseveg (meir enn 1 time).

Påmeldinga er bindande, og ved manglande oppmøte utan avbestilling må du sjølv dekke utgiftene til dagpakke og eventuelt hotellrom. 

Ved å melde deg på denne samlinga, samtykker du samtidig til at vi deler informasjonen din med hotellet. Les meir om personvern under «Lenkjer».

Dato:
26. september 2024 12:00 - 27. september 2024 15:45
Sted:
Kviknes Hotel, Balestrand
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
kommuneoverlegar og legar med samfunnsmedisinske oppgåver i kommunane i Vestland, og legar i samfunnsmedisinske rettleiingsgrupper
Påmeldingsfrist:
19. august 2024 23:59