Samarbeidsmøte om bruk av tvang og makt
- Dato:
- 17. september 2024 11:00 - 15:00
- Sted:
- Skipsbyggerhallen, Solheimsgaten 11, Bergen
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland
- Målgruppe:
- Tilsette i spesialisthelsetenesta som arbeider med tvang og makt etter helse- og omsorgstenestelova kapittel 9
- Påmeldingsfrist:
- 2. september 2024 23:59
Vel møtt til samarbeidsmøte om bruk av tvang og makt i spesialisthelsetenesta.
Målgruppa for samarbeidsmøtet er tilsette i spesialisthelsetenesta som arbeider med tvang og makt etter helse- og omsorgstenestelova kapittel 9, nærare bestemt frå desse einingane:
- Helse Bergen:
- Habiliteringstenesta for vaksne
- Habiliteringstenesta for barn og unge
- Autismeteamet
- Helse Førde:
- Habiliteringstenesta for vaksne
- Habiliteringstenesta for barn og unge
- Helse Fonna:
- Seksjon habilitering
Deltakarar i Helse Fonna og Helse Førde, som ikkje har høve å vere til stades i Bergen, kan følgje møtet via Teams. Informasjon om pålogging blir sendt saman med programmet. Program blir sendt ut til leiar og oppgitt kontaktperson for kapittel 9 i kvar eining veka før samarbeidsmøtet.
Vi serverer lunsj, kaffi og frukt på møtet.
Send oss problemstillingar
På møtet vil vi mellom anna diskutere problemstillingar de møter på i dykkar arbeid med kapittel 9. Vi ber om at helseføretaka sender oss problemstillingar som de ønskjer å drøfte på møtet. Leiarar samlar desse opp og sender på e-post til Ørjan Moldestad, som de finn under «Kontaktpersonar», seinast 2. september 2024.
Ved å melde deg på denne samlinga samtykker du samtidig til at namn og e-postadresse bli synleg i møtet og Outlook-invitasjonen. Les meir om personvern under «Lenkjer.»
- Dato:
- 17. september 2024 11:00 - 15:00
- Sted:
- Skipsbyggerhallen, Solheimsgaten 11, Bergen
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland
- Målgruppe:
- Tilsette i spesialisthelsetenesta som arbeider med tvang og makt etter helse- og omsorgstenestelova kapittel 9
- Påmeldingsfrist:
- 2. september 2024 23:59