Samling i økonominettverket
- Dato:
- 27. august 2024 12:00 - 28. august 2024 12:30
- Sted:
- Scandic Sunnfjord Hotel, Førde
- Arrangør:
- Statsforvalteren i Vestland
- Målgruppe:
- Økonomisjefar/leiarar, rekneskaps- og økonomimedarbeiderar
- Påmeldingsfrist:
- 14. juni 2024 12:00
Arbeidsutvalget til økonominettverket inviterar til samling i økonominettverket, 27. og 28. august, på Scandic Sunnfjord Hotel & SPA, i Førde.
Innleiingsvis vil vi ta opp att temaet som vi hadde i Ulvik om demografi, og få høyre frå to kommunar om korleis dei har starta prosessane og teke fatt i denne utfordringa. Assisterande kommunedirektør i Sunnfjord kommune, Lise Mari Haugen, vil innleie på dette temaet, og vi vil få eit innlegg frå kommunedirektør Øyvind Bang Olsen frå Kinn komune.
Vidare vil Marit Urmo Harstad frå Kommunalbanken ha eit innlegg om mellom anna kredittvurdering, grøne lån og finansreglement.
Dag to blir innleia av Sigmund Engdal frå KS, som vil snakke om kommuneøkonomi og nytt inntektssystem.
Vi håpar at nettverket kan vere eit forum for deltakarane til å bli kjende med kvarandre, få faglege oppdateringar, erfaringsutveksling og gode diskusjonar om kommuneøkonomien i Vestland.
Sjå vedlagt program for dagane.
Påmeldingsfristen er ute. Ta kontakt med oss dersom det er ønskje om deltaking.
- Dato:
- 27. august 2024 12:00 - 28. august 2024 12:30
- Sted:
- Scandic Sunnfjord Hotel, Førde
- Arrangør:
- Statsforvalteren i Vestland
- Målgruppe:
- Økonomisjefar/leiarar, rekneskaps- og økonomimedarbeiderar
- Påmeldingsfrist:
- 14. juni 2024 12:00
Kontaktpersoner
-
Marit Lunde
Tlf: 57 64 30 05 / 95 06 29 35