Del 1: Innanforskap og medverknad – digital samling for alle som arbeider med barn, unge og foreldre
- Dato:
- 29. mai 2024 08:45 - 12:10
- Sted:
- Teams
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland
- Målgruppe:
- Målgruppa for samlinga sin første del er tilsette i skule, barnehage, helsestasjon, PPT, barnevernstenesta, familietenesta, Nav, flyktningtenesta og andre tenester og tiltak retta mot barn og unge
- Påmeldingsfrist:
- 28. mai 2024 12:00
Få god og praksisnær informasjon og inspirasjon om gode og inkluderande tenestetilbod, for barn, unge og foreldre.
På samlinga vil du få høyre om Kvam herad sitt arbeid med å få fram ungdomen si stemme gjennom medverknad, og korleis dette bidreg til inkludering og innanforskap.
Bønes skule skal fortelje om kva dei gjer for å skape eit godt skulemiljø. Vi skal også få høyre Sveio kommune fortelje om heilskapleg overgang frå barnehage til skule og SFO, og om Inn på tunet – velferdstenester på gard, som ledd i arbeidet med å leggje til rette for gode og tilpassa tilbod.
Professor Katrine Vellesen Løken presenterer rapporten «Et jevnere utdanningsløp». Vi får høyre om korleis barnehagar, skular og SFO kan bidra til at alle barn og unge får like moglegheiter, uavhengig av bakgrunn.
Påmelding
Det er gratis å delta på samlinga. Du melder deg på via skjema nedst på denne sida, og får tilsendt lenkje til samlinga 28. mai.
Ved å melde deg på denne samlinga, samtykker du samtidig til at e-postadressa di blir synleg i ein Outlook-invitasjon og i Teams-møtet. Vi gjer merksam på at det blir gjort opptak av presentasjonane.
Les meir om personvern og nettryggleik under "Lenkjer".
- Dato:
- 29. mai 2024 08:45 - 12:10
- Sted:
- Teams
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland
- Målgruppe:
- Målgruppa for samlinga sin første del er tilsette i skule, barnehage, helsestasjon, PPT, barnevernstenesta, familietenesta, Nav, flyktningtenesta og andre tenester og tiltak retta mot barn og unge
- Påmeldingsfrist:
- 28. mai 2024 12:00