Miljøseminar for akvakultur 2024

Dato:
25. april 2024 11:00 - 26. april 2024 15:00
Sted:
Quality hotel, Florø
Arrangør:
Fiskeridirektoratet, Sjømat Norge, Statsforvaltaren i Vestland, Vestland fylkeskommune
Målgruppe:
Næringsutøvarar, akvakulturforvaltninga, forskingsmiljø, kommunar, konsulentar og andre interesserte

Saman med Fiskeridirektoratet, Sjømat Norge og Vestland fylkeskommune inviterer vi til innhaldsrikt miljøseminar for akvakulturnæringa 25.-26. april i Florø. Seminaret sitt hovudmål er å sette miljøtema knytt til akvakulturnæringa på dagsorden. 

Publisert 29.02.2024

Statsforvaltaren i Vestland skal mellom anna snakke om utslepp frå landbaserte anlegg, samla belastning og risiko for eutrofiering, og jungelen av nye krav til dokumentasjon.

Oppdatert program ligg på Vestland fylkeskommune sine nettsider. 

Påmelding på fylkeskommunen sine nettsider

Påmelding skjer via fylkeskommunen sitt påmeldingssystem. 

Frist for påmelding er laurdag 20. april. 