Korleis snakke med barn og unge om vald og overgrep
- Dato:
- 30. april 2024 09:00 - 15:00
- Sted:
- Digitalt
- Arrangør:
- RVTS Vest, Statsforvaltarane i Vestland og Rogaland
- Målgruppe:
- Alle som møter barn og unge i sitt arbeid
- Påmeldingsfrist:
- 28. april 2024 23:59
Ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging Vest (RVTS Vest) og Statsforvaltarane i Vestland og Rogaland inviterer til introduksjonskurs i korleis snakke med barn og unge om vald og overgrep.
Vald og overgrep mot barn og unge er eit stort samfunnsproblem. Vi veit at mange barn veks opp med vald, overgrep og omsorgssvikt, og vi veit at det aukar risikoen for alvorlege fysiske og psykiske helseplagar seinare i livet.
Barn treng trygge vaksne. På introduksjonskurset vert du kjent med nettressursane «Snakke med barn» og «Jeg vet». Desse ressursane kan bidra til at nettopp du vert ein vaksen som vågar å sjå, og tør å handle når du er bekymra for eit barn.
Kursinnhald
Etter kurset vil du
- ha grunnleggande kunnskap om kva som er viktig i samtalar med barn og unge
- ha god oversikt over dei digitale kunnskapsplattformane snakkemedbarn.no og jegvet.no
- ha god kjennskap til simuleringsdelen av snakkemedbarn.no
- kunne bruke snakkemedbarn.no til undervisning, utvikling og rettleiing i tenesta di
- kunne bruke snakkemedbarn.no til eigentrening og utvikling i samtalar med barn og unge
Førelesarar er Linda Kvalvik, barnevernspedagog og Mette E. Garmannslund, psykologspesialist.
Førebuing til kurset
Vi ønskjer at de gjer dykk kjende med følgjande nettressursar:
- snakkemedbarn.no - her er det ein fordel om du har registert deg
- jegvet.no
- RVTS Vest si nettside «Trygg til handling»
Praktisk informasjon
Det er gratis å delta. Kurset er digitalt, og oppkoplingslenkje blir sendt på e-post til påmelde deltakarar 29. april 2024. Praktiske spørsmål kan du rette til arrangørane av kurset:
- Linda R. Kvalvik (98 68 83 94)
- Mette E. Garmannslund (40 21 52 33)
Ved at du melder deg på denne samlinga, samtykker du samtidig til at informasjonen din blir delt med medarrangør, at namn og e-postadresse kan bli synleg i ein Outlook-invitasjon og i det digitale møtet. Les meir om personvern under «Lenkjer».
- Dato:
- 30. april 2024 09:00 - 15:00
- Sted:
- Digitalt
- Arrangør:
- RVTS Vest, Statsforvaltarane i Vestland og Rogaland
- Målgruppe:
- Alle som møter barn og unge i sitt arbeid
- Påmeldingsfrist:
- 28. april 2024 23:59