Få inspirasjon på digital nettverkssamling om aldersvenlege lokalsamfunn

Dato:
29. april 2024 09:00 - 10:30
Sted:
Teams
Arrangør:
Nettverk for aldersvenlege lokalsamfunn i Vestland, i samarbeid med Statsforvalten i Vestland
Målgruppe:
Kommunar og andre med engasjement for aldersvenlege lokalsamfunn i Vestland
Påmeldingsfrist:
22. april 2024 12:00

Det er ei kjent sak at det er den som har skoen på, som veit kor den trykker. Dette gjeld også utvikling av lokalsamfunn. Webinaret er ope for kommunar og andre med engasjement for lokalsamfunnsutvikling i Vestland.

Publisert 21.03.2024, Oppdatert 19.04.2024

På nettverks-webinara kan du få råd for utfordringar i kommune din, og du kan reflektere over aktuelle løysingar. Du kan dele og gje råd i ting din kommune har fått til, og få inspirasjon og innputt.

Du kan ta med kaffikoppen, senke skuldrene, og snakke rundt det som opptek deg i jobben og kvardagen din.

Ved å melde deg på denne samlinga, samtykker du samtidig til at namn og e-postadresse blir synleg i ein Outlook-invitasjon og i Teams-møtet. Les meir om personvern under «Dokument».

Om du ikkje rakk påmeldingsfristen, kan du sende ein e-post til Ragna Flotve, så får du tilsendt oppkoplingslenkja måndag før møtet.

Dato:
29. april 2024 09:00 - 10:30
Sted:
Teams
Arrangør:
Nettverk for aldersvenlege lokalsamfunn i Vestland, i samarbeid med Statsforvalten i Vestland
Målgruppe:
Kommunar og andre med engasjement for aldersvenlege lokalsamfunn i Vestland
Påmeldingsfrist:
22. april 2024 12:00