Webinar: Frå fengsel til bustad
- Dato:
- 19. januar 2024 09:00 - 10:15
- Sted:
- Teams
- Arrangør:
- Husbanken, Statforvaltaren i Vestland, Statsforvalteren i Rogaland og Statsforvalteren i Nordland
- Målgruppe:
- Webinaret passar for leiarar og fagpersonar i kommunar som er involvert i arbeidet med bustadløyse og/eller personar som har utfordringar innan rus og /eller psykisk helse.
- Påmeldingsfrist:
- 18. januar 2024 23:59
Vil du læra meir om stabile og gode butilhøve, og tenester for bustadlause og personar som har utfordringar innan rus og/eller psykisk helse? Følg med på vår webinar-serie om bustadløyse.
Webinar-serien om bustadløyse er retta mot kommunar i heile landet. Du kan delta på einskilde eller alle webinara. Kvart webinar vert annonsert hjå Husbanken.no og hjå Statsforvaltaren i Vestland, Rogaland og Nordland. Vi legg opp til månadlege webinar. Førebelse datoar for webinar første halvår i 2024 er 19. januar, 16. februar, 15. mars, 19. april , 31. mai og 14. juni. Merk at påmeldingslenka over gjeld for webinaret 19. januar og ikkje heile serien.
Tema for første webinar er: Frå fengsel til bustad.
Program
- Velkommen v/Liv Halseth, seniorrådgjevar i Husbanken
- Rapport frå Riksrevisjonen om Kriminalomsorgen v/Kjersti Sæve Nesset, seniorrådgjevar i Kriminalomsorgen Region Vest
- Frå innsett til aktiv samfunnsborgar v/NAV Stange
Vi oppmodar kommunar til brei deltaking, slik at de i etterkant av webinaret kan få gode, faglege diskusjonar.
- Dato:
- 19. januar 2024 09:00 - 10:15
- Sted:
- Teams
- Arrangør:
- Husbanken, Statforvaltaren i Vestland, Statsforvalteren i Rogaland og Statsforvalteren i Nordland
- Målgruppe:
- Webinaret passar for leiarar og fagpersonar i kommunar som er involvert i arbeidet med bustadløyse og/eller personar som har utfordringar innan rus og /eller psykisk helse.
- Påmeldingsfrist:
- 18. januar 2024 23:59