Digitalt informasjonsmøte for media
- Dato:
- 13. desember 2023 09:00 - 10:00
- Sted:
- Teams - påmelde deltakarar får tilsendt oppkoplingslenkje seinast dagen før
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland
- Målgruppe:
- Journalistar og andre som jobbar i aviser og andre medium
- Påmeldingsfrist:
- 10. desember 2023 23:59
Helse-, sosial- og barnevernsavdelinga inviterer journalistar og andre som jobbar i media til møte om innsyn, mediekontakt og god forvaltningsskikk på Teams onsdag 13. desember.
På møtet vil vi gje informasjon om
- organisering, mediekontakt og informasjon, ved Solveig Mork Holmøyvik, kommunikasjonsrådgjevar, organisasjon og strategi
- innsyn og vurdering av innsynskrav, ved Bjarte Helland Fosse, rådgjevar organisasjon og strategi
- samfunnsoppdraget vårt og god forvaltningsskikk, ved Sjur Lehmann, fylkeslege og avdelingsdirektør
Dette er eit generelt informasjonsmøte, og vi kjem ikkje til å ta opp enkeltsaker. For å delta på møtet, så må du melde deg på via skjemaet nedst på denne sida.
Vi inviterer også til eit fysisk møte, med same innhald, i Statsforvaltaren sine nye lokaler i Solheimsviken, måndag 11. desember. Du finn informasjon om det fysiske informasjonsmøte via denne lenkja.
Ved å melde deg på denne samlinga, samtykker du samtidig til at kontaktinformasjonen din blir synleg i ein Outlook-invitasjon, og i Teams-møtet. Les meir om personvern og nettryggleik under «Lenkjer».
- Dato:
- 13. desember 2023 09:00 - 10:00
- Sted:
- Teams - påmelde deltakarar får tilsendt oppkoplingslenkje seinast dagen før
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland
- Målgruppe:
- Journalistar og andre som jobbar i aviser og andre medium
- Påmeldingsfrist:
- 10. desember 2023 23:59