Kurs for turnusfysioterapeutar og turnuskiropraktorar

Dato:
18. oktober 2023 10:00 - 19. oktober 2023 14:00
Sted:
Quality Hotel Sogndal
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
turnusfysioterapeutar og turnuskiropraktorar i kommunehelsetenesta
Påmeldingsfrist:
3. oktober 2023 23:59

Vi inviterer turnusfysioterapeutar og turnuskiropraktorar til kurs i offentleg helsearbeid. Føremålet med kurset er å gi ei innføring i helselovgivinga og korleis fysioterapeutar jobbar i kommunehelsetenesta. Program kjem seinare.

Publisert 25.08.2023

Det er venta at alle som har turnus i kommunale helse- og omsorgstenester hausten 2023 deltek. For å delta må du melda deg på i skjemaet nedst på sida. 

Reiserekning

Statsforvaltaren dekker opphald og reise (og bookar overnatting for dei som hakar av for det i påmeldingsskjema under). Det vert ikkje gitt nattillegg eller kostgodtgjersle. De får dekka reiseutgifter etter billegaste reisemåte. Dersom de reiser med eigen bil, la gjerne ein eller fleire kollega sitja på. Refundering av flyreise må de avklara med Statsforvaltaren på førehand.

Kurset startar klokka 10.00 onsdag. Me dekker derfor overnatting kvelden før, for dei som har meir enn tre timar reiseveg. Me dekker ikkje overnatting mellom kursdagane for turnusfysioterapeutar i Sogndal og Luster. 

Reiserekninga sender du til Statsforvaltaren i Vestland, sjå meir i rettleiinga for reiserekning, som du finn under «Dokument.»

Personvern

Ved å melda deg på denne samlinga samtykker du samtidig til at vi kan dela informasjonen din med hotellet. Les meir om personvern under «Lenkjer.» 

Dato:
18. oktober 2023 10:00 - 19. oktober 2023 14:00
Sted:
Quality Hotel Sogndal
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
turnusfysioterapeutar og turnuskiropraktorar i kommunehelsetenesta
Påmeldingsfrist:
3. oktober 2023 23:59

Kontaktpersoner