Rådgjevande eining russaker

Dato:
1. september 2023 09:00 - 11:30
Sted:
Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland og KORUS Bergen
Målgruppe:
Leiarar med ansvar for kommunens rådgjevande eining for russaker, tenesteleiarar for rus og psykisk helse, leiar for sosiale tenester i Nav, leiar barnevern og leiar for helsestasjons- og skulehelsetenesta
Påmeldingsfrist:
30. august 2023 23:59

Statsforvaltaren i Vestland og KORUS Bergen inviterer til digitalt møte om erfaringar om ordninga så langt, og vegen vidare.

Publisert 30.05.2023, Oppdatert 28.08.2023

Vi inviterer til nytt møte med informasjon om rådgjevande eining for russaker. 

Frå 1. juli 2022 er kommunane pålagt å ha rådgjevande eining for russaker. Eininga kan organiserast slik kommunen sjølv meiner det er tenleg. Eininga skal ha ansvaret for å møte personar når oppmøte er sett som vilkår for ein bestemt strafferettsleg reaksjon.

Program og spørsmål

09.00

Velkomen

Linda Svori, assisterande fylkeslege og seksjonsleiar, Statsforvaltaren i Vestland

09.10

Orientering om status for dei rådgjevande einingane, og planar framover

Else Kristin Utne Berg, spesialrådgiver, KORUS Bergen

09.45

Endring i politiets praksis i mindre narkotikasaker

Sylvia Myklebust, seksjonsleder/politiinspektør, Vest politidistrikt 

10.15 Pause
10.30

Erfaringar frå to kommunar

  • Bergen kommune, ved Steinar Skaug, tiltaksleder Tidlig ute og Rådgivende enhet for russaker
  • Askøy kommune, ved Pål Albro, spesialkonsulent Origo Ung – livsmestring, psykisk helse og rus
11.00 Tid til spørsmål og refleksjonar

 

Om du allereie no kjem på spørsmål eller problemstillingar du vil vi skal løfte i møtet, så kan du sende dei på e-post til Janne Weltzien Listhaug innan 23. august. E-postadresse finn du under "Kontaktpersonar". 

Lenkje til Teams-møtet blir sendt ut seinast dagen før møtet.

Ved å melde deg på samlinga, samtykker du samtidig til at kontaktinformasjonen din blir synleg i ein Outlook-invitasjon og delt med medarrangør. Les meir om personvern under «Lenkjer».

Dato:
1. september 2023 09:00 - 11:30
Sted:
Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland og KORUS Bergen
Målgruppe:
Leiarar med ansvar for kommunens rådgjevande eining for russaker, tenesteleiarar for rus og psykisk helse, leiar for sosiale tenester i Nav, leiar barnevern og leiar for helsestasjons- og skulehelsetenesta
Påmeldingsfrist:
30. august 2023 23:59