Webinar om hamnespy/japansk sjøpung
- Dato:
- 31. august 2023 09:00 - 11:00
- Sted:
- Webinar
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland
- Målgruppe:
- Industriverksemder med sjørelatert aktivitet og større hamner, og andre
- Påmeldingsfrist:
- 29. august 2023 23:59
Statsforvaltaren inviterer til webinar om hamnespy/japansk sjøpung torsdag den 31. august 2023. Arten trugar både økosystem og næringsinteresser, og vi vil komme med oppdatert informasjon til verksemder med sjørelatert aktivitet, hamner, kommunar og andre.
Lenkje til opptak
Opptak av webinar om hamnespy - tilgjengeleg i 2 veker
Kvifor webinar om hamnespy?
Den framande arten hamnespy (Didemnum vexillum) spreiar seg på Vestlandet og kan skape problem for norsk marin flora og fauna. Den er oppdaga i fleire større hamnar og vassprøvar av miljøDNA tydar på at fleire områder langs kysten er råka. Hamnespy kan formeire seg raskt, og spreier seg via skips- og båttrafikk, teiner, tauverk og anna utstyr som står i sjøen.
Oppdatert informasjon om hamnespy
Vi ser på situasjonen med stort alvor, og ønskjer å komme med oppdatert informasjon til blant anna industriverksemder med sjørelatert aktivitet og større hamner på Vestlandet. I webinaret vil vi få siste nytt frå Havforskningsinstituttet, Statsforvaltaren og Sjøfartsdirektoratet. I tillegg vil verksemder dele si erfaring. Vi inviterer til eit felles webinar på Teams torsdag 31. august 9.00 - 11.00.
Program
09:00 Velkomen!
09:02 – 09:20 Havforskningsinstituttet - Vivian Husa – Kartlegging og tiltak
09:20 – 09:40 Miljødirektoratet – Marit Bull Talberg – Regelverk og nasjonale føringer
09:40 – 09:50 Sjøfartsdirektoratet – Karolina Lundberg – «IMOs retningslinjer for begroing på skip»
09:50 – 10:00 Statsforvaltaren – Julie Marie Andersen - Kva er eigentleg vår rolle?
10:00 – 10:10 Spørsmål og beinstrekk
10:10 – 10:20 Westcon Florø – Mari Bente Frøysa
10:20 – 10:30 Semco – Tor Erik Christoffersen
10:30 - 10:40 Karmsund Havn - Geirmund Eikje
10:40 – 11:00 Diskusjon
Opptaket vil bli gjort tilgjengeleg etter møtet
Vi gjer merksam på at møtet vert tatt opp. Opptaket vil bli gjort tilgjengeleg i 14 dagar etter arrangementets slutt.
Webinaret er gratis.
Velkomen!
- Dato:
- 31. august 2023 09:00 - 11:00
- Sted:
- Webinar
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland
- Målgruppe:
- Industriverksemder med sjørelatert aktivitet og større hamner, og andre
- Påmeldingsfrist:
- 29. august 2023 23:59