Webinar om rus, psykisk helse, bustad og tenester (nr. 5 i serie)
- Dato:
- 22. mai 2023 13:00 - 14:30
- Sted:
- Digitalt (Teams)
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland og NAPHA (Nasjonalt kompetansesenter for psykisk helsearbeid)
- Målgruppe:
- Leiarar og fagpersonar i kommuner og deira samarbeidspartar, som er involvert i arbeidet med personar som har utfordringar innan rus og/eller psykisk helse. Vi oppmodar kommunane til brei deltaking.
- Påmeldingsfrist:
- 21. mai 2023 23:59
Tema for det femte webinar i serie om rus, psykisk helse, bustad og tenester er: Forstå Vestland gjennom dei kommunale kunnskapskjeldene.
Publisert 17.04.2023
Program
- Velkomen v/Lars-Marius Ulfrstad, seksjonsleiar kommune og samfunn, Statsforvaltaren i Vestland
- Kva er kjeldene, kva fortel dei og korleis kan vi bruke dei? - og korleis bruke datarikdommen i IS-24/8? v/Stian Reinertsen, fagleg rådgjevar i NAPHA (Nasjonalt kompetansesenter for psykisk helsearbeid). (IS-24/8 er ei årleg kartlegging innafor rus- og psykisk helse-feltet, som SINTEF gjennomfører blant alle kommunar/bydelar i landet, på oppdrag frå Helsedirektoratet.)
- Spørsmål og dialog
Det vert ikkje gjort opptak av webinaret.
Bakgrunn for webinarserien
Både små og store kommunar gir tilbakemelding om at dei har utfordringar med å tilby stabile og gode bustadar og tenester for personar med rus og/eller psykisk liding.
Gjennom webinarserien vil kommunane kunne få auka kompetanse om heilskaplege bu- og tenesteløysingar for personar som har utfordringar innan rus og/eller psykisk helse. Webinarserien er retta mot kommunane i Vestland og deira samarbeidspartar. Det er høve til å delta på enkeltwebinar.
- Dato:
- 22. mai 2023 13:00 - 14:30
- Sted:
- Digitalt (Teams)
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland og NAPHA (Nasjonalt kompetansesenter for psykisk helsearbeid)
- Målgruppe:
- Leiarar og fagpersonar i kommuner og deira samarbeidspartar, som er involvert i arbeidet med personar som har utfordringar innan rus og/eller psykisk helse. Vi oppmodar kommunane til brei deltaking.
- Påmeldingsfrist:
- 21. mai 2023 23:59