Korleis sikre berekraftige helse- og omsorgstenester?

Dato:
18. april 2023 09:00 - 15:15
Sted:
Scandic Bergen City, Bergen
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland og KS
Målgruppe:
leiarar i helse- og omsorgstenestene og HR, kommunedirektørar, politikarar, utdanningsinstitusjonar
Påmeldingsfrist:
26. mars 2023 23:59

Kompetanse i tenestene og rekruttering av helse- og omsorgspersonell er sentrale utfordringar for kommunane. Dette blir tema på konferanse 18. april i Bergen. 

Publisert 17.02.2023, Oppdatert 14.04.2023

Helsepersonellkommisjonen si utgreiing «Tid for handling» blir sentral på konferansen.

I tillegg får vi høyre om strategisk og langsiktig kompetanseplanlegging og prioritering av fagskuletilbod. Vi stiller spørsmåla om kva som må til for å få til rett dimensjonering og lokalisering av utdanningstilbod tilpassa kommunane sine behov og for å få betre tilrettelegging av etter- og vidareutdanning.

Vi får også høyre om rekrutteringstiltak og prosjektet «HeltOm».

Program for konferansen finn du under «Dokument».

Praktisk informasjon

Vi startar samlinga med registrering klokka 08.30. For å delta, må du melde deg på nedst på denne sida. Vi dekker dagpakke for deltakarane. Merk at påmeldinga er bindande.

Ved at du melder deg på samlinga, samtykker du samtidig at vi kan dele informasjon med medarrangør og konferanselokale. Les meir om personvern under «Lenkjer».

Dato:
18. april 2023 09:00 - 15:15
Sted:
Scandic Bergen City, Bergen
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland og KS
Målgruppe:
leiarar i helse- og omsorgstenestene og HR, kommunedirektørar, politikarar, utdanningsinstitusjonar
Påmeldingsfrist:
26. mars 2023 23:59