Digitalt basiskurs i økonomisk rådgjeving
- Dato:
- 24. mars 2023 09:30 - 11:30
- Sted:
- Teams
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland
- Målgruppe:
- Tilsette i Nav og tilsette i tenester som samhandlar med Nav
- Påmeldingsfrist:
- 20. mars 2023 23:59
Målet med kurset er å gje deltakarane kunnskap om å avdekkje og førebyggje økonomiske problem, uavhengig av stilling og arbeidsoppgåver.
Dette er kurset for deg som:
- Arbeider i kommunale oppfølgingstenester (bustad, rus og psykisk helse)
- Arbeider i barnevernstenesta
- Arbeider i tenester som samhandlar med Nav-kontor
- Arbeider med statlege oppgåver i Nav-kontor
- Er nytilsett i Nav-kontor
- Arbeider i Nav, men ikkje arbeider med økonomisk rådgjeving
Om du har delteke på Statsforvaltarens grunn- eller vidaregåande kurs i økonomisk rådgjeving tidlegare, er du ikkje i målgruppa for dette kurset. Om du er usikker på om du er i målgruppa, ta kontakt med personane under fana «Kontaktpersonar».
Å gi økonomisk rådgjeving er ei av kjerneoppgåvene i Nav-kontora, og alle tilsette i Nav-kontora må difor ha grunnleggjande kunnskap om dette. Tilsette i tenester som samhandlar med Nav, må også ha slik kunnskap for å kunne fange opp hjelpebehov og vise personar som treng hjelp vidare til Nav-kontoret.
Mange kan ha økonomiske bekymringar eller problem sjølv om dei ikkje fortel om det. Basiskurset vil difor vere nyttig for deg som arbeider i Nav-kontor, i barnevernstenesta eller i kommunale oppfølgingstenester, sjølv om brukar ikkje er i kontakt med deg for å få økonomisk råd og rettleiing, men for anna oppfølging.
Etter kurset skal du ha:
- kunnskap om bakgrunn for økonomiske problem
- kunnskap om korleis du fangar opp om brukarar har økonomiske bekymringar eller problem
- kunnskap om korleis du kan førebyggje økonomiske problem
- auka medvit om kva økonomiske problem kan føra med seg
- kunnskap om tenesta økonomisk rådgjeving
Påmelding og oppkoplingslenkje
Påmelding til kurset skjer via skjemaet under. Vi sender stadfesting på påmelding til e-posten du har registrert i skjemaet. Påmeldingsfristen er 20. mars klokka 23.59.
Ved å melde deg på, samtykkjer du til at namn og e-postadresse kan bli synleg i Teams-møte og i Outlook-invitasjonen. Les meir om personvern under «Lenkjer».
Innan 24. mars klokka 09.00 sender vi ut møteinnkalling med oppkoplingslenkje til kurset i Teams til e-posten du har registrert.
- Dato:
- 24. mars 2023 09:30 - 11:30
- Sted:
- Teams
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland
- Målgruppe:
- Tilsette i Nav og tilsette i tenester som samhandlar med Nav
- Påmeldingsfrist:
- 20. mars 2023 23:59