Webinar "Dialog SKOG" – Ny PEFC-standard for berekraftig skogbruk

Dato:
23. mars 2023 09:00 - 10:00
Sted:
Teams/webinar
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
I all hovudsak skogansvarlege og interesserte tilsette i kommunane i Vestland og Rogaland, men også ope for eksterne deltakarar.
Hogst på Fitjar
Hogst på Fitjar, Foto: Dirk Kohlmann, SFVL

Kva er berekraftig skogsdrift? Kven bestemmer det? Skognæringa har ein eigen bransjestandard som set strenge krav til ei berekraftig forvaltning. Ny PEFC Standard trer i kraft 1. mars 2023.

Publisert 06.03.2023

Krava er faktisk strengare enn norsk lovverk. Miljø- og friluftsorganisasjonar er med på å definere krava.

I den nye standarden har det kome krav om rasfarevurderingar, kontroll med sitka og miljøregistrering (MIS) i gran. Kva inneber dei nye krava for skogeigarar på Vestlandet? Det er også kravpunkt som omhandlar bygging av veg og endring i arealbruk. Kan kommunen risikere å gje løyve til ein skogsveg som bryt med PEFC standarden?

PEFC-Norge og AT Skog orienterer oss om den nye standarden.

Påmelding via nettsida vår.

Program:

Velkomen, køyrereglar for møtet   

Dirk Kohlmann,  Statsforvaltaren   

Fagdirektør for skog, tre og grøne verdiar   

9.00 – 9.05

Kven bestemmer kva krav som gjeld, og kva er nytt i ny norsk PEFC Standard? Kva krav har betydning for oss på Vestlandet?

Thomas Husum, PEFC-Norge

Dagleg leiar

9.05 – 9.25

Korleis vil AT Skog sikre at dei nye krava i PEFC vert etterlevd og kva rolle kan kommunen ha?

Ann Kristin Lunde, AT Skog

Kvalitet- og miljøleiar

9.25 - 9.45

Innspelsrunde, tilbakemeldingar, spørsmål undervegs  

 

9.45 – 10.00

 

Påmelding Dialog SKOG nr.1/23 - 23.mars 2023

Dato:
23. mars 2023 09:00 - 10:00
Sted:
Teams/webinar
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
I all hovudsak skogansvarlege og interesserte tilsette i kommunane i Vestland og Rogaland, men også ope for eksterne deltakarar.

Kontaktpersoner