Webinar om tilskot på helse-, sosial- og barnevernsfeltet
- Dato:
- 23. januar 2023 09:00 - 12:00
- Sted:
- Teams - påmelde deltakarar får tilsendt oppkoplingslenkje
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland
- Målgruppe:
- Kommunar og Nav-kontor i Vestland, Vestland fylkeskommune
- Påmeldingsfrist:
- 20. januar 2023 12:00
Statsforvaltaren inviterer til digital samling for å gje informasjon om ulike tilskot vi forvaltar på helse-, sosial- og barnevernsfeltet.
Publisert 20.12.2022, Oppdatert 20.01.2023
I webinaret går vi gjennom formål, søknadsfristar, rapportering og kor du finn utfyllande informasjon om søknad og regelverk for dei ulike tilskota. For å delta på webinaret, må du melde deg på via skjema nedst på denne sida.
Program finn du under «Dokument». Tidspunkta i programmet er rettleiande.
Du får informasjon om følgjande tilskot:
- Kommunalt rusarbeid
- Tilbod til barn og unge med behov for langvarig og samansett oppfølging
- Tilbod til vaksne med behov for langvarig og samansett oppfølging
- Kommunalt kompetanse- og tenesteutviklingstilskot
- Kompetansehevande tiltak for lindrande behandling og omsorg ved livets slutt
- Stimuleringsmidlar til utviklingsarbeid barnevern
- Utvikling av sosiale tenester i Nav
- Tilskot til LIS1
- Skjønsmidlar/prosjektskjønn
Ved å melde deg på denne samlinga, samtykker du samtidig til at e-postadressa di blir synleg i ein Outlook-invitasjon, og at namn blir synleg i eit Teams-møte. Les meir om personvern under «Lenkjer».
- Dato:
- 23. januar 2023 09:00 - 12:00
- Sted:
- Teams - påmelde deltakarar får tilsendt oppkoplingslenkje
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland
- Målgruppe:
- Kommunar og Nav-kontor i Vestland, Vestland fylkeskommune
- Påmeldingsfrist:
- 20. januar 2023 12:00