Første samling i planprosessen for førebyggande planar på barn- og ungefeltet
- Dato:
- 25. januar 2023 11:30 - 26. januar 2023 14:00
- Sted:
- Hotel Scandic Ørnen, Bergen
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland saman med fylkeskommunen, RVTS, KORUS, NAPHA, RKBU og KS
- Målgruppe:
- Dei som har ansvaret for å koordinere arbeidet med dei ulike førebyggande planane, nøkkelpersonar, planavdeling, kommunalsjefar og tenesteleiarar med ansvar for tenester til barn, unge og foreldre.
- Påmeldingsfrist:
- 15. januar 2023 23:59
Statsforvaltaren, fylkeskommunen, KORUS, RVTS, RKBU, NAPHA og KS vil våren 2023 invitere kommunane til å delta i ein planprosess, der målet er å lage ein arena for erfaringsdeling mellom kommunane, og bidra til større samanheng i planverket på førebyggingsfeltet.
I planprosessen vil vil ha særleg merksemd på førebyggande arbeid retta mot barn, unge og foreldre.
Statsforvaltaren, fylkeskommunen, kompetansemiljøa og KS gjev samla råd
Implementering av nye tiltak, metodar og kompetanse er krevjande og langsiktig arbeid som krev gode planar, gode strukturar og ei leiing som evnar å halde oppe merksemda og innsatsen over tid. Vi frå Statsforvaltaren, kompetansemiljøa og KS ønskjer å gjere det vi kan for å understøtte kommunane i dette arbeidet. God og heilskapleg rådgjeving i planprosessane er eit slikt grep. Sjå meir i invitasjonen som er sendt til alle postmottaka i kommunane i Vestland.
Tema på første samling vert rammer, kartlegging og analyse som grunnlag for kommunalt planarbeid
På første samling vil vi presentere dei som vil bidra inn i arbeidet. Vi oppmodar òg alle kommunane til å førebu ei kort presentasjon om status i kommunens planar på barn- og ungefeltet, og kva førebyggande planar de vil arbeide med gjennom 2023. Vi vil elles rette merksemda mot rammer for kommunalt planarbeid og dei ulike områda som det er forventa at kommunane skal ha førebyggande planar på. Vi vil invitere kommunar til å dele sine erfaringar med å ta i bruk offentleg datagrunnlag og eigne kartleggingar som grunnlag for sitt planarbeid på dette feltet. Vi vil også legge til rette for refleksjonar kring korleis vi kan gjere gode analysar av den informasjonen vi har til rådigheit når vi skal utarbeide planar på barn- og ungeområdet.
Praktisk informasjon
Det vert gratis for kommunane å delta på samlinga. Kommunane må sjølv dekkje reiseutgifter.
Samlinga blir i Bergen, og startar til lunsj den 25. januar og avsluttar med lunsj klokka 13:00 - 14:00 den 26. januar 2023.
- Dato:
- 25. januar 2023 11:30 - 26. januar 2023 14:00
- Sted:
- Hotel Scandic Ørnen, Bergen
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland saman med fylkeskommunen, RVTS, KORUS, NAPHA, RKBU og KS
- Målgruppe:
- Dei som har ansvaret for å koordinere arbeidet med dei ulike førebyggande planane, nøkkelpersonar, planavdeling, kommunalsjefar og tenesteleiarar med ansvar for tenester til barn, unge og foreldre.
- Påmeldingsfrist:
- 15. januar 2023 23:59
Kontaktpersoner
-
Bente Cecilie Foss
Tlf: 55 57 22 33 -
Bård Tyldum
Tlf: 55 57 21 05