Samling for kommuneoverlegar i Vestland
- Dato:
- 17. november 2022 11:30 - 18. november 2022 15:00
- Sted:
- Fretheim Hotel, Flåm
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland
- Målgruppe:
- kommuneoverlegar og legar med samfunnsmedisinske oppgåver i kommunane i Vestland, og legar i samfunnsmedisinske rettleiingsgrupper
- Påmeldingsfrist:
- 19. oktober 2022 23:59
Statsforvaltaren inviterer kommuneoverlegar, andre legar i samfunnsmedisinsk arbeid og legar i samfunnsmedisinske rettleiingsgrupper til samling i Flåm 17.-18. november. Programmet er klart og du kan no melde deg på samlinga.
Vi meiner dette er ein viktig møtestad for samfunnsmedisinarane i fylket, spesielt sett i lys av pandemien og dei utfordringane den har ført med seg for kommunane.
Programmet finn du under «Dokument».
Vi søkjer om å få godkjent kurset med 8 timar som valfritt kurs for legar i spesialisering i samfunnsmedisin og spesialistane si etterutdanning.
Praktisk informasjon
Samlinga er gratis, og vi dekker dagpakke og felles middag. Vi bestiller og dekker også hotellovernatting for dei med lenger reiseveg (meir enn 1 time).
Påmeldinga er bindande, og ved manglande oppmøte utan avbestilling må du sjølv dekke utgiftene til dagpakke og eventuelt hotellrom. Frist for påmelding er sett til 19. oktober.
Ved å melde deg på denne samlinga, samtykker du samtidig til at vi deler informasjonen din med hotellet. Les meir om personvern under «Lenkjer».
- Dato:
- 17. november 2022 11:30 - 18. november 2022 15:00
- Sted:
- Fretheim Hotel, Flåm
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland
- Målgruppe:
- kommuneoverlegar og legar med samfunnsmedisinske oppgåver i kommunane i Vestland, og legar i samfunnsmedisinske rettleiingsgrupper
- Påmeldingsfrist:
- 19. oktober 2022 23:59
Kontaktpersoner
-
Linda Svori
Tlf: 57 64 31 61 / 93 28 64 42