Samarbeidsmøte om bruk av tvang og makt
- Dato:
- 16. juni 2022 12:00 - 15:00
- Sted:
- Statens hus Bergen, Kaigaten 9
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland
- Målgruppe:
- Tilsette i spesialisthelsetenesta som arbeider med tvang og makt etter helse- og omsorgstenestelova kapittel 9
- Påmeldingsfrist:
- 31. mai 2022 23:59
Vel møtt til samarbeidsmøte om bruk av tvang og makt i spesialisthelsetenesta.
Målgruppa for samarbeidsmøtet er tilsette i spesialisthelsetenesta som arbeider med tvang og makt etter helse- og omsorgstenestelova kapittel 9, nærare bestemt frå desse einingane:
- Helse Bergen:
- Habiliteringstenesta for vaksne
- Habiliteringstenesta for barn og unge
- Autismeteamet
- Helse Førde:
- Habiliteringstenesta for vaksne
- Habiliteringstenesta for barn og unge
- Helse Fonna:
- Seksjon habilitering
Deltakarar i Helse Fonna og Helse Førde, som ikkje har høve å vere til stades i Bergen, kan følgje møtet via teams. Informasjon om pålogging blir sendt saman med programmet.
Program blir sendt ut til leiar og oppgitt kontaktperson for kapittel 9 i kvar eining veka før samarbeidsmøtet.
Vi serverer lunsj, kaffi og frukt på møtet.
Send oss problemstillingar
På møtet vil vi mellom anna diskutere problemstillingar de møter på i dykkar arbeid med kapittel 9. Vi ber om at helseføretaka sender oss problemstillingar som de ønskjer å drøfte på møtet. Leiarar samlar desse opp og sender på e-post til Ørjan Moldestad, som de finn under «Kontaktpersonar», seinast 30. mai 2022.
- Dato:
- 16. juni 2022 12:00 - 15:00
- Sted:
- Statens hus Bergen, Kaigaten 9
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland
- Målgruppe:
- Tilsette i spesialisthelsetenesta som arbeider med tvang og makt etter helse- og omsorgstenestelova kapittel 9
- Påmeldingsfrist:
- 31. mai 2022 23:59