Samling for leiarar med ansvar for tenester til barn og unge i kommunane i Vestland - i Førde
- Dato:
- 26. april 2022 09:00 - 15:00
- Sted:
- Scandic Sunnfjord Hotel, Førde
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland og styringsgruppa for læringsnettverket for barneverntenestene i Vestland
- Målgruppe:
- Kommunalsjefar og sektorleiarar som har ansvar for tenester til barn, unge og føresette, BTI/BTS koordinatorar, SLT-koordinatorar, Nav-leiarar og andre med leiaransvar for tverrfagleg samarbeid og tidleg innsats i kommunane i Vestland
- Påmeldingsfrist:
- 12. april 2022 23:59
Vi inviterer til samling i Førde 26. april. Lovendringane om samhandling, og plan for førebyggjande arbeid blir sentrale tema. Påmeldinga er open og program er klart.
Statsforvaltaren i samarbeid med læringsnettverket i Vestland arrangerer to leiarsamlingar. 180 leiarar deltok på samlinga i Bergen den 8. mars. Den andre går føre seg i Førde 26. april. Programmet for dei to samlingane er omlag likt.
Samlinga vert ein arena for å tenkjer heilskapleg om tenester og tiltak til barn, unge og familiar.
Koordinerte tenester og førebyggande arbeid
Vi legg til rette for felles informasjon, inspirasjon frå gode dømer og drøftingar internt og på tvers av kommunane og kompetansemiljø.
I 2022 kom lovkrav om at kommunane skal lage ein plan for det førebyggjande arbeidet i kommunane, og 1. august kjem lovendringar om samhandling. Dette blir sentrale tema på samlinga. Statsforvaltaren vil også gjere greie for betydninga av god forståing av reglane for teieplikt og meldeplikt i tverrfagleg samhandling.
Vi set av tid til refleksjon om kva som er neste steg i arbeidet med å skape samanhengande og godt koordinerte tenester til barn og unge. Samlinga er ei oppfølging av arrangementa vi gjennomførte for same målgruppe i Førde og Bergen i oktober 2021.
Praktisk informasjon
Målgruppe er alle leiarar i skule, barnehage, helsestasjon, PPT, barneverntenesta, familietenesta, sosialtenesta, BUP, rehabilitering, fastlegar og alle andre tenester som møter barn og unge. Vi oppmoder særleg leiarar med ansvar for utviklingsarbeid, koordinert innsats og førebyggande arbeid på barn og unge området om å koma.
Samlinga er gratis for personane som er i målgruppa. Reise til og frå samlinga og eventuell overnatting i samband med samlinga dekkjer kommunane sjølv. Dersom mange vil delta på samlinga, vil vi be dykk prioritere maks ti deltakarar frå kvar kommune.
Smittevern og covid-19
Vi minner om grunnleggande råd for smittevern. Dersom du har akutt luftvegsinfeksjon, mistenkjer at du er sjuk med koronaviruset eller har fått bekrefta eller sannsynleg covid-19, ta kontakt med arrangør for å avbestille. Hotellet følgjer myndigheitenes anbefalingar for smittevern. Les meir om smittevernråda hos Folkehelseinstituttet.
Dersom det på grunn av endringar i smittesituasjonen ikkje blir mogleg å gjennomføre samlinga fysisk, legg vi opp til at den blir gjennomført på Teams.
Påmelding
Ved å melde deg på denne samlinga samtykker du samtidig til at namn og kontaktinformasjon kan bli delt med hotell eller konferanselokale, og medarrangørar. Dersom samlinga blir digital, kan namn og e-post bli synleg i ein Outlook-invitasjon. Les meir om personvern under «Lenkjer».
- Dato:
- 26. april 2022 09:00 - 15:00
- Sted:
- Scandic Sunnfjord Hotel, Førde
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland og styringsgruppa for læringsnettverket for barneverntenestene i Vestland
- Målgruppe:
- Kommunalsjefar og sektorleiarar som har ansvar for tenester til barn, unge og føresette, BTI/BTS koordinatorar, SLT-koordinatorar, Nav-leiarar og andre med leiaransvar for tverrfagleg samarbeid og tidleg innsats i kommunane i Vestland
- Påmeldingsfrist:
- 12. april 2022 23:59
Kontaktpersoner
-
Bente Cecilie Foss
Tlf: 55 57 22 33 -
Bård Tyldum
Tlf: 55 57 21 05