Kva er eigentleg klimakalkulatoren og kva går klimarådgjeving ut på?

Dato:
26. januar 2022 12:30 - 14:00
Sted:
Teamsmøte
Arrangør:
Statsforvaltaren I Vestland
Målgruppe:
Tilsette i landbruksforvaltninga i kommunane

Klimakalkulatoren er utvikla av prosjektet Klimasmart landbruk. Passar han eigentleg for vestlandsbonden?

Publisert 13.12.2021

Store delar av landbruksnæringa er saman om prosjektet klimasmart landbruk. Høyr innlegg frå prosjektleiar i Klimasmart landbruk, Tony Barman, om klimakalkulatoren og Helena Elvatun frå NLR fortelje om klimarådgjeving. Både Tine og NLR har tilbod om rådgjeving. Tilskot til klimarådgjeving er ein del av dei regionale miljøtilskota. Klimarådgjevarane skal vere godkjente av Landbruksdirektoratet.

Det blir tid til spørsmål etter innlegga, men send gjerne inn spørsmål på førehand til fmhoahj@statsforvalteren.no, så kan Tony Barman og Helena Elvatun svare på dei i innlegga sine.

Bli med på webinar onsdag 26. januar kl 12.30-14.00.

Påmeldingsfrist 25. januar.

Du får sendt lenke i forkant av møtet.

 

Påmeldingsskjema:

Dato:
26. januar 2022 12:30 - 14:00
Sted:
Teamsmøte
Arrangør:
Statsforvaltaren I Vestland
Målgruppe:
Tilsette i landbruksforvaltninga i kommunane