Fagsamling i regi av utviklingsprosjektet «Betre hjelpetiltak i barnevernet»
- Dato:
- 24. november 2021 09:00 - 11:00
- Sted:
- Teams - lenkje blir sendt til påmelde deltakarar
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland i samarbeid med kommunane Stad, Gloppen og Stryn
- Målgruppe:
- Tiltaksarbeidarar som gjev omsorgsendrande rettleiingstiltak heimla i Lov om barneverntenester i Vestland
- Påmeldingsfrist:
- 15. november 2021 23:59
24. november blir det digitalt fagseminar for dei som arbeider med tiltak i kommunal barnevernteneste i Vestland. Påmeldinga er open.
Tema er kartlegging og føresetnader for endringsarbeid med hjelpetiltak i barnevernet. Du melder deg på via skjemaet nedst, og frist for påmelding er 15. november 2021.
Psykologspesialist Arnold Goksøyr vil gje ei teoretisk innføring i kartlegging og observasjon, og korleis ein kan nytte metodane WMCI og Crowell i arbeidet med familiar.
Det digitale fagseminaret frå 09:00 til 11:00 er ein del av den fysiske samlinga som det lokale nettverket i Sogn og Fjordane skal ha 23. og 24. november. Dei som skal delta fysisk på denne samlinga, får eigen invitasjon på e-post og melder seg på til prosjektleiar Marion Vik.
Om utviklingsprosjektet
Målet til utviklingsprosjektet «Betre hjelpetiltak i barnevernet» er å heve kompetansen til tiltaksarbeidarar som jobbar i barnevernet. Stad, Gloppen og Stryn er prosjektkommunane som driv dette utviklingsprosjektet, som er ein del av læringsnettverket for barneverntenestene i Vestland. Les meir om læringsnettverket her.
Utviklingsprosjektet vil legge opp til fleire lokale nettverkssamlingar for kommunane i gamle Sogn og Fjordane i 2022. Vidare vil prosjektet invitere til digitale fagseminar der tiltaksarbeidarar frå heile Vestland blir invitert. Tema for desse blir observasjon, forståing av motstand og korleis møte dette.
- Dato:
- 24. november 2021 09:00 - 11:00
- Sted:
- Teams - lenkje blir sendt til påmelde deltakarar
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland i samarbeid med kommunane Stad, Gloppen og Stryn
- Målgruppe:
- Tiltaksarbeidarar som gjev omsorgsendrande rettleiingstiltak heimla i Lov om barneverntenester i Vestland
- Påmeldingsfrist:
- 15. november 2021 23:59
Kontaktpersoner
Ekstern kontaktperson
-
Marion Vik
Tlf: 41 24 27 19