AVLYST: Dagsamling om kvalifiseringsprogrammet

Dato:
17. november 2021 09:00 - 15:30
Sted:
Scandic Bergen City
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland i samarbeid med Nav Vestland
Målgruppe:
Nav-tilsette som arbeider med KVP, eller som skal arbeide med KVP, og som har lite erfaring med tenesta
Påmeldingsfrist:
3. november 2021 23:59

Statsforvaltaren i Vestland må dessverre avlyse dagsamlinga 17. november 2021 grunna sjukdom.

Publisert 18.10.2021, Oppdatert 16.11.2021

Målet med samlinga er å auke bruk av kvalifiseringsprogrammet i Nav-kontor som har få deltakarar i kvalifiseringsprogrammet og/eller lita erfaring med tenesta. 

Vi gjer merksam på at samlinga er lagt opp med same innhald som på førre dagsamling i mai. Dette fordi vi ønsker å legge til rette for erfaringsutveksling mellom deltakarane i ei fysisk samling.  

Eigne førebuingar til samlinga

For at du skal få størst mogeleg utbytte ber vi om at du før samlinga har lese regelverket om KVP i Rundskriv 35 til sosialtenestelova, frå paragraf 29 til paragraf 40. Rundskrivet finn du under fana "Lenkjer".        

Dersom du har spørsmål eller problemstillingar knytt til KVP, om regelverket eller arbeidet med KVP, send dei på e-post til Sunniva Vik Skogen. Kontaktinformasjon finn du under fana "Kontaktpersonar". På samlinga vil vi prøve å svare på dei spørsmåla vi har motteke som er aktuelle for samlinga.

Praktisk informasjon og påmelding

Samlinga er gratis. Statsforvaltaren bestiller og dekker overnattingsutgifter frå 16. – 17. november for deltakarar som har lang reiseveg; 3 timar eller meir. Meld frå om du treng overnatting i påmeldingsskjemaet. 

Avmeldingsfristen er den same som påmeldingsfristen. Dersom du ikkje har moglegheit til å delta sjølv om du har meldt deg på, og dermed heller ikkje har behov for overnatting, ber vi om beskjed om dette innan fristen. 

Vi dekker ikkje reiseutgifter.

Dersom det blir fleire påmelde enn tal plassar vil vi prioritere slik at flest mogeleg Nav-kontor med få KVP-deltakarar får delta.

Covid-19

Vi minner om grunnleggande råd for smittevern. Dersom du har akutt luftvegsinfeksjon, mistenkjer at du er sjuk med koronaviruset eller har fått bekrefta eller sannsynleg covid-19, ta kontakt med oss for å melde deg av. Hotellet følgjer myndigheitenes anbefalingar for smittevern. Les meir om smittevernråda hos Folkehelseinstituttet.

Dato:
17. november 2021 09:00 - 15:30
Sted:
Scandic Bergen City
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland i samarbeid med Nav Vestland
Målgruppe:
Nav-tilsette som arbeider med KVP, eller som skal arbeide med KVP, og som har lite erfaring med tenesta
Påmeldingsfrist:
3. november 2021 23:59