Fagdagar om sosiale tenester i Nav

Dato:
6. oktober 2021 - 7. oktober 2021
Sted:
Scandic Flesland Airport, Lønningsvegen 9, Blomsterdalen (Bergen)
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Nav-leiarar, fagleiarar med ansvar for sosiale tenester og rettleiarar/sakshandsamarar som arbeider med dei sosiale tenestene i Nav-kontora i Vestland
Påmeldingsfrist:
22. september 2021 23:59

Statsforvaltaren i Vestland inviterer til fagdagar i Bergen om sosiale tenester i Nav 6-7. oktober frå lunsj til lunsj. 

Publisert 28.06.2021, Oppdatert 03.09.2021

Tema og program

Tema for samlinga vert barneperspektivet i Nav. Vi får innlegg frå Julia Köhler-Olsen, professor ved Oslo-Met - Storbyuniversitetet, om barnekonvensjonen og betydninga denne har for arbeidet i Nav.

Det blir og innlegg om oppvekstreformen og lovendringa i sosialtenestelova paragraf 20a om norskopplæring.

Det vert høve til erfaringsutveksling.

Fagdagane blir frå lunsj til lunsj, og her er programmet.

Praktisk informasjon og påmelding

Samlinga er gratis og inkluderer lunsj begge dagar og middag om kvelden første dag. Dei med lang reiseveg kan i tillegg melde seg på med behov for overnatting. Dei med svært lang reiseveg kan melde seg på med behov for overnatting også frå 5. til 6. oktober.

Om du har matallergiar, eller det er anna informasjon som er viktig for arrangør å vite om, opplyser du om det i merknadsfeltet i påmeldinga.

Du melder deg på via skjemaet under innan onsdag 22. september 2021 kl. 23:59, og påmeldinga er bindande. Du må ta kontakt med Elisabeth Lund-Iversen om du må melde deg av. Avmeldingsfristen er same frist som påmeldingsfristen: onsdag 22. september 2021 kl. 23:59.

Deltakarar som ikkje melder seg av innan avmeldingsfristen, eller ikkje møter til samlinga, blir belasta med dei faktiske utgiftene knytt til opphaldet (dagpakker og eventuelt overnatting og middag).

Det er avgrensa tal plassar på samlinga. Om det vert fleire påmelde enn tal plassar, må vi prioritere slik at alle dei påmelde Nav-kontora får delta. Vi tek kontakt med Nav-leiar eller avdelingsleiar om dette vert aktuelt. 

Covid-19

Vi minner om grunnleggande føringar for smittevern knytt til møter og kursverksemd. Dersom du har akutt luftvegsinfeksjon, mistenkjer at du er sjuk med koronaviruset eller har fått bekrefta eller sannsynleg covid-19, ta kontakt med arrangør. Les meir om smittevern knytt til arrangement på Folkehelseinstituttet si heimeside. 

Statsforvaltaren tek atterhald om endringar dersom smittesituasjonen endrar seg.

Dato:
6. oktober 2021 - 7. oktober 2021
Sted:
Scandic Flesland Airport, Lønningsvegen 9, Blomsterdalen (Bergen)
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Nav-leiarar, fagleiarar med ansvar for sosiale tenester og rettleiarar/sakshandsamarar som arbeider med dei sosiale tenestene i Nav-kontora i Vestland
Påmeldingsfrist:
22. september 2021 23:59