Webinar om drenering og hydroteknikk for sakshandsamarar i kommunen
- Dato:
- 8. september 2021 12:00 - 13:30
- Sted:
- Teams
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland
- Målgruppe:
- Tilsette i landbruksforvaltninga i kommunane
- Påmeldingsfrist:
- 7. september 2021 23:59
Etter webinaret vi arrangerte i juni som omhandla regelverk for tilskotsordninga til drenering av jordbruksjord, følger vi opp med eit fagleg inspirerande webinar om praktisk drenering og hydrotekniske forhold.
Målet med webinaret er å auke kunnskapen om den praktiske sida av grøfting og hydrotekniske tiltak for at kommunen lettare skal kunne vurdere søknadar, og gi gode råd og rettleiing til søkjar. Vi har òg som mål at webinaret skal bidra til at grensegangen mellom kva som kan reknast som drenering og hydrotekniske tiltak vert klarare.
Trygve Torsteinsen i NLR Vest held innlegget « Dreneringens ABC». Vi legg òg opp til spørsmål og tek gjerne imot skriftlege spørsmål til føredragshaldar i forkant av webinaret. Send spørsmåla til Randi Erdal på fmsfrer@statsforvalteren.no
Påmeldingsfrist 7. september. Webinaret er gratis.
Du får tilsendt lenke til møtet i forkant av webinaret.
- Dato:
- 8. september 2021 12:00 - 13:30
- Sted:
- Teams
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland
- Målgruppe:
- Tilsette i landbruksforvaltninga i kommunane
- Påmeldingsfrist:
- 7. september 2021 23:59