Webinar om bustad og tenester
- Dato:
- 23. september 2021 13:00 - 14:15
- Sted:
- Digitalt (Teams)
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland m.fl.
- Målgruppe:
- Leiarar og fagpersoner i kommunane, deltakarar, pårørande og andre interesserte
- Påmeldingsfrist:
- 20. september 2021 23:59
Metoden Housing First handlar om hjelp til personar med utfordringar med rus og/eller psykisk helse, til eigen bustad og ambulant oppfølging. Første del i ein serie frittståande og gratis webinar om metoden blir arrangert 23. september kl. 13.00–14.15.
Webinaret blir arrangert i eit samarbeid mellom Nasjonalt kompetansesenter for psykisk helsearbeid (NAPHA), Husbanken, Bergen kommune, Statsforvaltaren i Vestland og Statsforvaltaren i Rogaland.
Det er planlagt i alt åtte webinar i perioden september 2021 til juni 2022. Kvart webinar er frittståande og det krevst ingen forkunnskap for å delta.
Den nederlandske sosialarbeidaren og coachen Rokus Loopik blir med på webinaret. Han vil både inspirere og informere om tema som er relevante innanfor Housing First-arbeid og boligsosialt arbeid generelt.
Tema og innhald:
- Prinsippa i Housing First v/Anne B. Fjelnseth (NAPHA)
- Erfaringar frå Housing First v/Rokus Loopik (Nederland)
- Oppsummering av rapporten "Housing First Odense - en undersøgelse av indsatsens resultater og økonomiske aspekter" (VIVE 2020) v/Hermund Urstad (Husbanken)
Påmeldingskjema og program finn du her:
https://napha.no/content/25165/digital-opplaring-i-housing-first
Lenke til webinaret blir sendt ut dagen før.
Påmeldingsfrist: 20. september 2021
- Dato:
- 23. september 2021 13:00 - 14:15
- Sted:
- Digitalt (Teams)
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland m.fl.
- Målgruppe:
- Leiarar og fagpersoner i kommunane, deltakarar, pårørande og andre interesserte
- Påmeldingsfrist:
- 20. september 2021 23:59
Lenker
Kontaktperson
Jorunn Fotland
Tlf. 994 80 414