Korleis snakke med barn og unge om vald og overgrep

Dato:
14. september 2021 09:00 - 14:00
Sted:
Digitalt
Arrangør:
RVTS, Statsforvaltarane i Vestland og Rogaland.
Målgruppe:
Tilsette i skule, barnehage, helse, sosiale og barnevern
Påmeldingsfrist:
12. september 2021 23:59

I samarbeid med Statsforvaltaren i Rogaland og RVTS inviterer vi til eit digitalt introduksjonskurs med tema korleis snakke med barn og unge om vald og overgrep.

Publisert 25.06.2021

Vald og overgrep mot barn og unge er eit stort samfunnsproblem. Om lag 1 av 20 barn veks opp under forhold prega av vald. Å vekse opp med vald, overgrep og omsorgssvikt aukar risikoen for alvorlege fysiske og psykiske helseplagar seinare i livet.

Barn treng trygge vaksne! På introduksjonskurset vert du kjent med nettressursane «Snakke med barn» og «Jeg vet». Dette kan bidra til at nettopp du vert ein vaksen som vågar å sjå og tør å handle når du er bekymra for eit barn

Påmelding og meir informasjon om kurset finn du på Statsforvaltaren i Rogaland si heimeside. 

Dato:
14. september 2021 09:00 - 14:00
Sted:
Digitalt
Arrangør:
RVTS, Statsforvaltarane i Vestland og Rogaland.
Målgruppe:
Tilsette i skule, barnehage, helse, sosiale og barnevern
Påmeldingsfrist:
12. september 2021 23:59