Webinar - Inspirasjon til lokal foredling av mjølk
- Dato:
- 26. mai 2021 10:00 - 14:40
- Sted:
- Digitalt, Zoom
- Arrangør:
- Sogn og Fjordane Landbruksselskap, Statsforvaltaren i Vestland, Kompetansenettverket Lokalmat Vest, Bondelaget Vestland, Noregs Bonde- og Småbrukarlag. Tiltaket er støtta av Vestland fylkeskommune.
- Målgruppe:
- Gardsbruk i Vestland med kvote på 50 000 – 100 000 liter mjølk.
- Påmeldingsfrist:
- 24. mai 2021 23:59
Landbruksselskapet i samarbeid med faglaga og Statsforvaltaren i Vestland arrangerar
inspirasjonsdag for lokal foredling av mjølk i Vestland.
Webinaret vil ta opp tema råvara, tradisjonsostar, sensoriske eigenskapar, marknaden,
regelverk, økonomi og korleis er det å vere gründar og bli kåra til verdsmeistar i ost?
I dag er det lite foredling av kumjølk i Vestland. Det er underdekning i marknaden for
handtverksost i Norge - det er plass til både fleire ystarar, fleire typar ost eller enkle
foredlingar lokalt av syrna produkt som surmjølk og yoghurt. Den gode kvaliteten på
den norske mjølka er noko av årsaka til gode resultat i tevlingar.
Har du overskot på mjølk, kan løysinga vere å legge opp til foredling av 10, 30 eller
50 000 liter mjølk, med relativt små og enkle investeringar på garden?
Velkommen til deg som lurer på å foredle mjølka di sjølv eller samarbeide
med nokon som vil starte ysteri. Gjennom dagen ønskjer vi å inspirere og
gi deg innblikk i kva arbeid som ligg bak ein ost.
Deltakaravgift: 150 kr,-.
Påmeldingsfristen er måndag 24. mai.
Program og lenkje for påmelding.
- Dato:
- 26. mai 2021 10:00 - 14:40
- Sted:
- Digitalt, Zoom
- Arrangør:
- Sogn og Fjordane Landbruksselskap, Statsforvaltaren i Vestland, Kompetansenettverket Lokalmat Vest, Bondelaget Vestland, Noregs Bonde- og Småbrukarlag. Tiltaket er støtta av Vestland fylkeskommune.
- Målgruppe:
- Gardsbruk i Vestland med kvote på 50 000 – 100 000 liter mjølk.
- Påmeldingsfrist:
- 24. mai 2021 23:59
Kontaktpersoner
-
Marit Hjortung
Tlf: 57 64 30 89 / 90 61 95 92