Digital konferanse om recovery i eit samfunnsperspektiv

Dato:
28. april 2021 09:00 - 14:15
Sted:
Digital konferanse
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland og Rogaland saman med fleire samarbeidspartar
Målgruppe:
leiarar og tilsette i helse- og sosialtenestene, helseføretak, tidlegare deltakarar i læringsnettverket innan psykisk helse og rus, engasjerte i brukarorganisasjonar, frivillige organisasjonar og andre

På konferansen vil du lære meir om lokalbasert rus- og psykisk helsearbeid i ei recoveryfremmande retning. 

Publisert 05.03.2021

Det finst fleire definisjonar på recovery, men sentrale punkt i ein recovery-prosess er at det vert lagt til rette for involvering, råderett og styring av eigen betringsprosess. Les meir om recovery hos Napha. 

Konferansen er ei oppfølging av KS sitt læringsnettverk innan psykisk helse og rus (2016-2018). I læringsnettverket blei det laga eit Verdigrunnlag for rus- og psykisk helsearbeid i Rogaland og Sunnhordland, som fleire kommunar og helseføretak har slutta seg til. Hensikta var å utvikle lokalbasert rus- og psykisk helsearbeid i ei recoveryfremmande retning. 

Konferansen er også aktuell for andre som vil lære meir om recoveryorientert praksis.

Sjå program og lenke til påmelding under «Dokument» og «Lenkjer». Det er gratis å delta på den digitale konferansen. Frist for påmelding er 20. april. 