Nettmøte om internkontroll i landbruksforvaltninga

Dato:
12. februar 2021 09:30 - 11:00
Sted:
Nettmøte/webinar
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Kommunane
Påmeldingsfrist:
11. februar 2021 15:00

Statsforvaltaren i Vestland inviterer tilsette i landbruksforvaltninga til nettmøte med tema internkontroll, fredag 12. februar Kl 9.30 –11.00.

Publisert 02.02.2021

Statsforvaltaren sin forvaltningskontroll av kommunane er i endring. Kontrollane skal no legge vekt på kommunane sin internkontroll. Noko av bakgrunnen for dette er Riksrevisjonen sin rapport frå 2018.

Mellom anna krev Økonomiregelverket at alle verksemder skal etablere internkontroll. Det er forventa at landbruksforvaltninga har utarbeidd eit system for internkontroll, og at desse vert følgde i sakshandsaminga.

Vi har sett at det er ulikt kor langt landbruksforvaltninga i kommunane har kome i arbeidet med internkontroll. Vi ønskjer difor å informere om dette tema for å skape ei felles forståing om kva internkontroll er og kva som vert forventa. Vi vurderer å følgje opp med ei ny samling om same tema seinare om det er behov for det.

Program:

  • Velkomen v/ Christian Rekkedal
  • Endring av Statsforvaltaren sine forvaltningskontrollar v /Arild Spissøy
  • «Internkontroll - hva, hvorfor og hvordan». v/ Einar Sæther, Riksrevisjonen
  • Spørsmål og diskusjon

Påmelding innan 11. februar. Påmelde får tilsendt ei lenke til møte.

 

 

Dato:
12. februar 2021 09:30 - 11:00
Sted:
Nettmøte/webinar
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Kommunane
Påmeldingsfrist:
11. februar 2021 15:00