Fagdagar om sosialtenestelova
- Dato:
- 19. november 2020 11:45 - 20. november 2020 12:30
- Sted:
- Digitalt (Microsoft Teams)
- Arrangør:
- Fylkesmannen i Vestland
- Målgruppe:
- Tilsette i Nav som arbeider med økonomisk stønad.
Fylkesmannen i Vestland inviterer til digitale fagdagar om sosialtenestelova 19-20. november 2020 i Teams. Hovudtema er tenesta økonomisk stønad. Du kan no melde deg på samlinga.
Programmet
Fagdagane går over to halve dagar. Torsdag 19. november set vi fokus på føremålet med sosialtenestelova, samanhengen mellom økonomisk stønad og dei andre tenestene, barnekonvensjonen og barneperspektivet.
Fredag 20. november held Arbeids- og velferdsdirektoratet innlegg om kartlegging og individuell vurdering, med fokus på funn som er gjort i rapporten: "Gjennomgang av sosiale tjenester for langtidsmottakere av økonomisk stønad." I tillegg blir det innlegg om sakshandsamingsreglar.
Programmet for fagdagane finn du under fana «Dokument».
Påmelding
Påmeldingsfristen for fagdagane er 17. november 2020. Vi sender møteinnkalling til teamsmøtet til e-postadressa som er opplyst i påmeldingsskjemaet seinast 19. november 2020 kl. 10.00.
Eventuelle avmeldingar eller tekniske spørsmål sendast på e-post til Inger-Helene Søgnen. Kontaktinformasjon under fana «Kontaktpersonar».
Grunna utfordringar med oppkoplinga til digitale møter i Teams, oppfordrar vi dei som melder seg på, til å registrere @nav.no-eposten sin i påmeldingsskjemaet. Om det er spørsmål knytt til dette, ta kontakt med Inger-Helene Søgnen. Kontaktinformasjon finn du under fana «Kontaktpersonar».
- Dato:
- 19. november 2020 11:45 - 20. november 2020 12:30
- Sted:
- Digitalt (Microsoft Teams)
- Arrangør:
- Fylkesmannen i Vestland
- Målgruppe:
- Tilsette i Nav som arbeider med økonomisk stønad.