Digital fagsamling om samfunnstryggleik og beredskap
- Dato:
- 20. oktober 2020 08:30 - 12:00
- Sted:
- Digital samling/webinar
- Arrangør:
- Fylkesmannen v/beredskapsseksjonen
- Målgruppe:
- Rådmenn, kommuneoverlegar, beredskapskontaktar i kommunane, regionale aktørar med beredskapsoppgåver.
Fylkesmannen v/helse-, sosial- og barnevernsavdelinga og beredskapsseksjonen inviterer til digital fagsamling om samfunnstryggleik og beredskap 20. oktober 2020.
Fagsamlinga vil bli digital og gjennomført tysdag 20. oktober 2020 kl. 9 - 12.
Det er plass til eit avgrensa tal deltakarar på den digitale samlinga. Lenke til oppkopling og praktisk informasjon blir sendt til dei påmeldte før samlinga. Merk: oppkopling skjer frå kl. 08.30.
Påmeldingsfristen var torsdag 15. oktober. Det er framleis mogleg å delta, ta kontakt med Lene Stavseng på e-post: fmholst@fylkesmannen.no seinast innan kl. 08.00 tysdag 20. oktober.
Vedlagt ligg førebels program.
Hovudtemaet vert covid-19-pandemien. Vi ønskjer å bruke samlinga til å dele erfaringar frå jobben som kommunane, helseføretaka, Fylkesmannen og andre har gjort. Målsetjinga er å kunne bruke erfaringane til å gjere ein endå betre jobb både under den vidare pandemien og etterpå.
Ved spørsmål: kontakt Lene Stavseng, e-post: fmholst@fylkesmannen.no.
Ved tekniske spørsmål og oppkopling: kontakt Anne C. F. Eide, e-post: fmhoacf@fylkesmannen.no
- Dato:
- 20. oktober 2020 08:30 - 12:00
- Sted:
- Digital samling/webinar
- Arrangør:
- Fylkesmannen v/beredskapsseksjonen
- Målgruppe:
- Rådmenn, kommuneoverlegar, beredskapskontaktar i kommunane, regionale aktørar med beredskapsoppgåver.
Kontaktpersoner
-
Lene Stavseng
Tlf: 55 57 21 22 -
Haavard Stensvand
Tlf: 57 64 30 10 / 91 57 74 32