Meir tre i landbruksbygg
- Dato:
- 8. september 2020 09:00 - 11:00
- Sted:
- Zoom-arrangement
- Arrangør:
- Tredrivarane frå Fylkesmannen i Vestland, Silva Consult AS på vegne av Tredrivernettverket, og Kystskogbruket i samarbeid med Innovasjon Norge og Trefokus AS
- Målgruppe:
- Næringsutviklarar, investeringsrådgjevarar, sakshandsamarar i kommunane, i Innovasjon Norge, rådgjevarar i Norsk landbruksrådgiving, reknskapsbyrå, bønder og andre interesserte.
Den moderne bonden skal i dag drive meir effektivt enn nokon gang før. Dette vil mellom anna seie å minimere klimautsleppa frå matproduksjonen – gjennom klimaklokskap. Når landbruksbygg skal reisast, rehabiliterast, fornyast og tilpassast, er klimaklokskap heilt avgjerande.
Webinaret vert arrangert for rådgjevarar og næringsutviklarar, og er særleg retta mot sakshandsamarar i kommunane, i Innovasjon Norge, Norsk landbruksrådgiving og reknskapsbyrå. Bønder og andre interesserte er sjølvsagt hjarteleg velkomne. Kva slags råd får bonden frå det offentlege i prosessen fram til nytt bygg?
Over heile landet finn vi etter kvart mange prosjekt som satsar på meir variert bruk av tre i landbruksbygg. Tal sagbruk og leverandørarar retta mot landbruksbygg har auka. I dag får bonden tilbod om mange ulike byggtypar, med stor variasjon i storleik og fasong.
Likevel - kanskje bonden ikkje må byggje heilt nytt? Kanskje byggemateriala er å finne rett bak låven?
Bonden forventar ferdigtenkte og leveringsklare løysingar. Det føreset at produsentane samarbeider meir og betre i framtida. Velkomen til fagleg påfyll! Sjå programmet under.
Program:
|
Føredragsholdar |
Velkomen |
Kristin Vedum og Dirk Kohlmann |
Norsk Landbruksrådgiving |
Per Olav Skjølberg |
Felleskjøpet Frå pilot- til standardbygg – kvifor er landbruksbygg med utstrekt bruk av tre framleis for dei spesielt interesserte når fordelane er så opplagde? |
Karl Arne Leivestad |
Innovasjon Norge |
Elin Akre Tellum |
Kystskogbruket |
Kristin Støren Wigum |
Riska sag |
Mikal Nordby
|
Kaffehentepause |
|
Innveno Sirkulær økonomi i landbruksbygg - tankar og idear for den klimakloke bonden. |
Magne Løfaldli |
Bonde Asbjørn Hagene på Bjørgeberget |
Kristin Vedum |
Spørsmål |
|
Avslutning |
Kristin og Dirk |
- Dato:
- 8. september 2020 09:00 - 11:00
- Sted:
- Zoom-arrangement
- Arrangør:
- Tredrivarane frå Fylkesmannen i Vestland, Silva Consult AS på vegne av Tredrivernettverket, og Kystskogbruket i samarbeid med Innovasjon Norge og Trefokus AS
- Målgruppe:
- Næringsutviklarar, investeringsrådgjevarar, sakshandsamarar i kommunane, i Innovasjon Norge, rådgjevarar i Norsk landbruksrådgiving, reknskapsbyrå, bønder og andre interesserte.
Kontaktpersoner
-
Dirk Kohlmann
Tlf: 55 57 21 71 / 41 29 65 50