Fellessamling for barnevernleiarar og læringsnettverket i Vestland
- Dato:
- 1. september 2020 09:30 - 2. september 2020 15:30
- Sted:
- Clarion Bergen Airport Hotel, Flesland
- Arrangør:
- Fylkesmannen i Vestland og læringsnettverket
- Målgruppe:
- Barnevernleiarar i Vestland, kompetansemiljøa, prosjektgruppene og KS.
Leiarar, kompetansemiljø og brukarorganisasjonar på barnevernområdet inviterast til å få faglege innspel om aktuelle tema.
Vi minner om grunnleggande føringar for smittevern knytt til møter og kursverksemd. Dersom du har akutt luftvegsinfeksjon, mistenkjer at du er sjuk med koronaviruset eller har fått bekrefta eller sannsynleg covid-19, ta kontakt med arrangør. Hotellet følgjer myndigheitenes anbefalingar for smittervern. Les meir om smittevern på Folkehelseinstituttet si heimeside.
Fylkesmannen tek atterhald om endringar dersom smittesituasjonen endrar seg.
Styringsgruppa for læringsnettverket i Vestland har invitert ei rekkje aktørar til å halde innlegg på samlinga, mellom anna Barne,-ungdoms - og familiedirektoratet, Fylkesmannen, kompetansemiljø og brukarorganisasjonar på barnevernfeltet. I tillegg vil alle dei pågåande utviklingsprosjekta halde innlegg. Sjå program for meir detaljar.
Målet med samlinga er å gje leiarar og fagmiljø ein arena for å utveksle informasjon, etablere kontaktar og snakke saman om korleis me kan utvikle og ruste barneverntenestene i Vestland for framtida.
Fylkesmannen dekkjer middag og overnatting frå tysdag til onsdag for alle deltakarar som ønskjer det. Kommunane må sjølve dekke reiseutgiftene. Dersom de ønskjer å delta med fleire enn tre deltakarar frå same kommune/barnevernteneste, ber vi dykk sende førespurnad om dette på e-post til kontaktpersonane for samlinga.
Merknad om målgruppa for samlinga: Alle som sit i prosjektgruppene for utviklingsprosjekta, ressursgruppa og styringsgruppa, inklusiv vara. Barnevernleiar, nestleiar, gruppeleiarar og fagansvarlege i barneverntenestene.
Merknad: Dersom det av smittervernomsyn ikkje skulle vere mogeleg å møtast fysisk, vert samlinga erstatta med eit webinar den 1. september.
Læringsnettverket har si eiga nettside der de finn meir om nettverket og dei ulike utviklingsprosjekta.
- Dato:
- 1. september 2020 09:30 - 2. september 2020 15:30
- Sted:
- Clarion Bergen Airport Hotel, Flesland
- Arrangør:
- Fylkesmannen i Vestland og læringsnettverket
- Målgruppe:
- Barnevernleiarar i Vestland, kompetansemiljøa, prosjektgruppene og KS.