AVLYST: Korleis skal vi saman planlegge for framtida?

Dato:
16. april 2020 09:00 - 15:30
Sted:
Quality hotel Sogndal
Arrangør:
Fylkesmannen, KS, USHT, fylkeseldrerådet i Vestland og Vestland fylkeskommune
Målgruppe:
Rådmenn, planleggjarar, folkehelserådgjevarar, leiarar i helse- og omsorgstenestene, eldreråd, politikarar og andre som arbeider med dette innsatsområdet

Vi inviterer til fagdag i Sogndal om aldersvenleg samfunnsplanlegging for kommunane i Vestland. 

Publisert 26.02.2020

Tema for dei fire regionale fagdagane blir aldersvenleg samfunnsplanlegging, og samarbeid på tvers i kommunane.

Samlingane blir på Nordfjordeid 15. april, Sogndal 16. april, Bergen 29. april og Stord 30. april. Kommunane vel sjølve kva samling dei vil delta på.

Leve heile livet-reforma

Leve heile livet-reforma legg i denne fasen (2020-2021) opp til at kommunane skal kartlegge eigne behov og utfordringar, tilpasse og innarbeide tiltak i planverk. Det blir også lagt opp til at kommunane i løpet av 2020 skal behandle og vedta korleis reforma sine løysingar skal innarbeidast lokalt. 

Brei deltaking

Det er Fylkesmannen saman med KS, USHT, fylkeseldrerådet, Vestland fylkeskommune og det regionale støtteapparatet for reforma som inviterer til fagdag. Vi ønsker å legge til rette for at sektorane i kommunane skal jobbe på tvers. Vi oppmodar derfor kommunane om brei deltaking på samlinga (3-5 personar), slik at plan- og helsefolk  kan kome saman og jobbe på tvers.

Fylkesmannen dekker dagpakke for fire personar, og det blir bindande påmelding. Kommunane dekker dagpakke utover desse fire, og dette gjer ein opp med hotella sjølve. Spesifiser dette i påmeldingsskjemaet. Eventuelle utgifter til reise og overnatting må deltakarane betale sjølve.

Endeleg program blir lagt ut på denne sida.

Prisen for dagpakke på denne samlinga er 481 kroner. 

Dato:
16. april 2020 09:00 - 15:30
Sted:
Quality hotel Sogndal
Arrangør:
Fylkesmannen, KS, USHT, fylkeseldrerådet i Vestland og Vestland fylkeskommune
Målgruppe:
Rådmenn, planleggjarar, folkehelserådgjevarar, leiarar i helse- og omsorgstenestene, eldreråd, politikarar og andre som arbeider med dette innsatsområdet

Kontaktpersoner